Ishavsmuseet «Aarvak»

Ishavsmuseet Aarvak er eit spesialmuseum innan emnet polar, med hovudfokus på Norsk selfangst og overvintringsfangst.

Illustrativt bilde

Ei spanande soge om ishavets sanne heltar, kvardagsheltane, og om ei næring som skulle få så mykje og seie for ein heil nasjon. Selfangst og overvintringsfangst. Mennene som kjempa mot naturkrefter og heimlengsel. Dei som reiste ut 15 år gamle utan tvil i sjela. Skipperar og fangstmenn. Det handla om og overleve, og kanskje oppfylgje ein draum om rikdom. Mange kom ikkje attende, men fikk si våte grav.

Ishavsmuseet «Aarvak» vart oppretta i 1981 og har som føremål å ta vare på dei rike tradisjonane på Vestlandet frå selfangst og anna virke i polare strøk. Ishavsmuseet er eit spesialmuseum om emne polar, med fokus på selfangsten, frå heile Vestlandet.

Museet består av den verna ishavsskuta «Aarvak», den eldste gjenverande i sitt slag som i  dag står på land i eige hus ved sidan av museet, og ca. 6000 utstilte gjenstandar. Blant desse er ei rekkje utstoppa dyr: moskus, polarulv, polarrev, fire isbjørnar og fleire selar og arktiske fuglar. Museet har også ei stor samling med omlag 75.000 fotos som illustrerar dette miljøet. I tillegg rår museet over Ragnar Thorseth si fotosamling på omlag 25.000 foto.

Museet har også ei omfattande samling arktiske filmar, somme av dei frå 1930-åra. Bygningen der samlingane er utstilte vart oppført i 1950-åra og vart brukt til foredling av selskinn og til lagring av utstyr for skutene. Brandal var utgangspunkt for i alt 47 skuter som dreiv verksemd i polare strøk.

Museet vart lagt til Brandal fordi bygda var eit sentrum for selfangst, overvintringsfangst og arktiske ekspedisjonar frå Vestlandet, frå 1898 av. I Brandal var fabrikkanlegg som tok i mot ishavsprodukta og foredla dei vidare. Skinna vart behandla vidare og spekket vart dampa til selolje.

Då denne næringa var på topp i slutten av 1920-åra, drog 75 ishavsskuter ut frå Vestlandet. Meir enn 1000 mann hadde arbeid i denne næringa. Ei periode rundt første verdskrig var produkt av sel Noregs nest største eksportvare. Selfangst var eit farefullt yrke, ofte med livet som innsats. Dei fleste skutene forliste før eller sidan i isskruing eller i uver på overseglingane til fangstfelta. I perioden 1924 – 1939 forliste 115 ishavsskuter. Som oftast vart mannskapa berge. Det var skuter av tre – med mannskap av jern.

 

1. etasje

Kafe, butikk, resepsjon og toalett. Gåvebutikken kan tilby bl.a. selskinnstøfler og sko, kort, T-skjorter og suvenir. I butikken finn du også eit av Noregs største utval i polarlitteratur. Besøk også nettbutikken for å sjå noko av utvalet.

Isbjørnen som står her er ei gåve frå sysselmannen på Svalbard.

I første etasjen kan det dekkast opp til 110 personar. Museet har eige kjøkken og kan tilby mat av alle slag.

Går du gjennom kafeen kjem du til ei utstilling om tromling av selskinn, det var det denne buda som museet har tilhald i vart brukt til. Vidare kan du gå inn i båthallen til utstilling av ymse småbåtar og heimefiske.

I båthallen finn du bl.a «Horsa» av Ella Ø.
Tromling av selskinn i 1. etasje

2. etasje

I andre høgda er det selfangst som har hovudtema. Her finn ein mange utstoppa selar, fangstbåt, fangstreiskap og våpen. Navigasjonsinstrument og ei radioavdeling. På alle veggane er det mange bilde som illustrerer dette fangstmiljøet. Ragnar Thorseth har også ei stor avdeling i denne etasjen der ein blant anna kan sjå leiren hans frå Nordpolekspedisjonen i 1982. Thorseth og hans følge var dei første nordmenn som stod på Nordpolen.Du kan i denne etasjen studere meir om dei dramatiske forlisa, lære meir om pioneren Peter S. Brandal, og sjå utstilling om ishavsskutene si utvikling. I alle etasjane er det skjermar som syner film og foto frå polarområda.

Eit konferanserom er det og laga plass til. Romet er på om lag 140 m2, og rikt utstyrt med teknisk utstyr. Kapasitet rundt 150 personar.

Ragnar Thorseth sin nordpol-leir er utstilt i andre etasje.

3.etasje

Tredje høgda er via overvintringsfangst på Nordaust Grønland. Her er det laga til med oppstøypt terreng frå Grønland. To utstoppa isbjørnar, moskus, polarrev og polarulv og mange andre dyr er plasserte her. I tillegg til fleire arktiske fuglar. I dette er det og bygt ein kopi i full storleik av overvintringshytta Hoelsbu frå Nordaust-Grønland. Her kan ein gå inn å sjå forholda dei levde og fangsta under. Sunnmøre si tilknyting til Svalbard er det også gjort plass til i ei eiga Svalbard -avdeling. Her finn vi historia til Svalbard i korte trekk, og ein del gjenstandar frå Kings Bay-gruvene i Ny-Ålesund, eller Brandal City som staden først heitte.

Her i etasjen finn ein og ulikt fangstutstyr og dokumentasjon frå dei mange overvintringsekspedisjonane i Eirik Raudes Land, og du kan lære meir om historia om då Noreg freista å okkupere land på Nordaust-Grønland. Her er det også ei avdeling om John Giæver.

Fiske var også ei viktig attåtnæring utanom fangstsesongane. Dette var sommarturar etter håkjerring, torskefiske og turar på sildefeltet. Ei avdeling fortel også meir om dette.

Kopi av fangsthytta Hoelsbu

BAKKENAUSTET

Ishavsmuseet har også overtatt eit gammalt naust som sto på museumsområdet. Dette er frå førre århundre. Naustet inneheld ein færing og ein tre-røring. I tillegg kjem vanlig småsjø-utstyr. Dette naustet blir bevart slik det står, og besøkande får også innblikk i dette ved besøk. Dermed har vi også høve til å vise fram dette som også var ein viktig del av det å livberge seg av havet.

 

BRANDAL MOTORVERKSTAD

Ved sidan av Ishavsmuseet står ei bygning som tidlegare inneheldt verkstad til mellom anna å overhale fangstbåtmotorar, smi hakapikar m.m. Dei produserte jamvel notbåtar og diverse utstyr. Seinare år har dette bygget tilhørt M. Karlsen AS, som no har gitt det i gåve til Ishavsmuseet. Dette bygget vil no bli sett i stand, og brukt av Ishavsmuseet til utstillingar, lager og verkstad. Mykje av det gamle verktøyet er enno på plass. Dette vil bli ein del av utstillingane, og ein del båtmotorar som museet rår over vil kome på plass her. Ishavsmuseet vil også her få sårt tiltrengt lagerplass og arkiv.

 

ISHAVSKJERRINGA

Sidan Sunnmøringane starta selfangst har der heile tida vore ei dame det har blitt snakka lite om: ishavskjerringa. Ho som alltid sat igjen heime når mannen og ofte både ein og fleire søner reiste på ishavet. Som regel byrja dei på denne farefulle seglasen så snart dei hadde fått prestehanda på seg.

Dei tenkte ikkje så mykje på faren med det, men meir enn ein gong har både far og son kome vekk på same skute. -Dei var sterke, sjølvstendige kvinnfolk. Ofte med store barneflokkar, som heldt styr på det meste medan mennene var på ishavet. Dei hadde ikkje radio som kunne melde ifrå heim korleis stoda var.

Ho som sat heime viste ingen ting frå dei gjekk ut og til skuta kom siglande inn mot heimestrender igjen. Der stod ho, ute på ytste neset og speida etter skuta når den var ventandes heim. Var flagget på heil eller halv stang tru? Ofte kom dei ikkje i det heile tatt. Skuteforlisa var mange og dramatiske. Dei største katastrofane var i 1917 då sju skuter forliste, seks i isen og den sjuande på veg til Grønland. 87 mann kom vekk. Den andre var så seint som i 1952 då det kom vekk fem skuter med 78 mann. 48 koner med 98 umyndige born sat igjen heime utan sin forsørgjar.

Ishavskjerringa hadde ansvaret for heimegard og ofte ein stor barneflokk. Ho rodde også småsjøen for å spe på hushaldinga.

Monumentet over ishavskjerringa står plassert på uteområdet ved Ishavsmuseet på Brandal. Det er kunstnaren Tore Bjørn Skjølsvik som har laga skulpturen som vart avduka 18. juni  i 2005.

Ishavskjerringa

 

HENRIK LANDMARK (1928–1998)

Henrik Landmark var eldsjela og drivkrafta bak stiftinga Ishavsmuseet Aarvak. Interesse for dei polare strok var tidleg vekt då han var på selfangst i 1949 og 1950. Elles fekk han inn historia frå onkelen Vebjørn Landmark som var mangeårig skipper på blant anna ”Aarvak” og ”Fangstmand”. Han var også ein av pionerane med overvintring på Grønland. Henrik tok over post tjenesta i Brandal og var postopnar fram til 1996. I lag med andre eldsjeler fekk han verna Ishavsskuta ”Aarvak” då den vart kondemnert i 1981.

Det var Hareid Historielag og Hareid Pensjonistlag som stod bak. Jamvel om det var selfangsthistoria som var hovudinteressa, var han i mange år redaktør for årsskrifta til Hareid Historielag. Henrik samla heime i kjellaren, men etter kvart tok han over huset til onkelen Vebjørn Landmark, og innreidde to etasjer til museum. Samlingane vaks fort og huset vart snart for lite.

Såleis byrja ein lang og hard kamp for å få nye lokalar til samlingane. Det vil vere urett å seie at han berre møtte medbør i dette arbeidet. Men han hadde tru på saka og ein ukueleg vilje til å reise eit verdig minnesmerke om kvardagsheltane innan denne næringa. I 1998 stod nye lokalar ferdige og museet flytta inn sommaren 1998. Tre veker før den offisielle opninga døydde Henrik Landmark, nær 70 år gamal.

Grunnleggar Henrik Landmark