MENY

ishavsmuseet_aarvak___logo.png

Svalbards historie

I islandske bøker er det i år 1194 nemnt at Svalbard er funnet. Sannsynlegvis er det fangstfolk frå Noreg, Island eller Grønland som har kome på desse traktene. I alle høve, 17 juni 1596, kom to nederlandske skip, under leiing av Willem Barentsz til nordspissen av Spitsbergen. Oppdraget til skipa var å finne nordaustpassasjen til Kina, så ein kan vel seie at dei ikkje var heilt på rett spor.

KVALFANGST
Utover på 1600 talet kom britiske og nederlandske kvalfangar til Svalbard. Det vart bygt mange landstasjonar, der kvalane blei flensa og spekket kokt til tran. Kvalfangsten fortsette utover på 17- og 1800-tallet, fleire nasjonar kom med, og etter som kvalen ikkje kom inn til kysten, vart det konstruert skip som var flytende kvalkokeri.

OVERVINTRINGSFANGST
Frå 1700-talet dreiv russiske pomorar landfangst på Svalbard, utover 1800-talet gikk denne fangsten attende, og rundt 1850 var den heilt slutt. Om lag på same tid starta den norske overvintringsfangsten, her var det i stor grad folk frå Tromsø og Hammerfest som tok del i førstninga. Denne fangsten har i stor grad halde fram heilt til isbjørnen vart freda i 1973.

TURISTAR OG VITSKAPSFOLK
På 1800-talet begynte også dei første turistane å besøke Svalbard, i første omgang var det rike lordar som kom med sine eigne yachtar, seinare kom dei store turistdamparane til å legge ruta til Svalbard.

SVALBARD FØRST PÅ 1900 TALET
Frå tida rundt hundreårskiftet kan ein seie at aktiviteten på Svalbard eksploderte.Frå no av var det mineralressursane som vart jakta på. Heilt frå 1600 talet hadde det vore vanleg å plukke steinkol både i Isfjord- og i Kongsfjordområdet, men frå tida rundt 1900 vart desse resursane utnytta på ein heilt anna vis. Tradisjonelt er det Tromsø-skipperen Søren Zakariassen som har fått æra for å starta kolldrifta på Svalbard. I 1899 braut han ut 600 hl kol i Isfjordområdet som han selte i Tromsø. I tida etter vart det danna mange selskap som skulle vere med på mineralrushet på øygruppa. Som regel enda det opp med leiting i nokre hektiske sommarmånader, eit hol i jorda og ei lita kai ved stranda, og så tok eventyret slutt. Det vart blant anna leita etter, og påvist, kol, jern, sink, kobbar og gull.

KULLEVENTYRET I BRANDAL CITY
Selfangst næringa hadde no (i 1916) etablert seg og dei selde produkta sine i heile Europa. Det var midt under første verdskrig, og selfangarane mangla kol til skutene sine. Situasjonen var uholdbar, og gjorde det nødvendig for selfangarane og sikre seg stabil tilførsel av kol til skutene sine. Dei hadde fleire gongar vore innom Kings Bay på Spitsbergen, og viste at her var det kol å hente. I 1916 fekk Peter S. Brandal tilbod om å kjøpe rettigheitene i Kings Bay, å då var det ikkje tvil. Peter S. Brandal utrusta dei to skutene sine ”Polaris” og ”Signalhorn” og drog av garde til Kings Bay for å undersøke saka. Ekspedisjonen var vellykka og dei retunerte med 300 tonn fyringskull. Han døypte også staden for Brandal City. Peter fann ut at her gjaldt det å handle raskt, og vel heime fikk han overført alle rettigheiter, og Brandal City namnet, til seg sjølv.

Etter ei tid fann han ut at skulle han drive dette vidare måtte han ha med seg fleire driftige personar og meir kapital. Han fekk med seg Michael Knutsen – som også var ishavsredar, Trygve Klausen den dyktige og kompetente advokaten og Trygve Jervell. Rettigheitene vart no overført til eit nytt selskap med namnet; Kings Bay Kull Comp. A/S, og tre år etter skifte staden namn frå Brandal City til Ny-Ålesund. Drifta av selskapet heldt fram med kull utvinning heilt fram til den store ulykka i 1962.

Peter S. Brandal og Michael Knutsen i Ny-Ålesund 1920. På trappa til Villaen dei hadde. (Seinare Roald Amundsens hus)

SVALBARDTRAKTATEN
Hausten 1918 hadde den norske regjeringa fått så mange positive signal når det gjaldt spørsmålet om Svalbard, at frå no av var det offisiell politikk at Svalbard skulle bli Norsk.

Fredskonferansen etter første verdskrigen begynte i 1919, og her klarte den norske regjering å få ta opp Svalbardspørsmålet som eiga sak. Eit poeng her var at sigerherrane i krigen var opptatt av å løyse territoriale spørsmål ein gong for alle
Noreg utforma på kort tid eit forslag til traktat, og dette forslaget gikk greitt gjennom.
Øy-gruppa skal vere open for næringsverksemd for alle som har skrive under traktaten. Militær aktivitet skal ikkje finne stad på Svalbard.

Traktaten vart skriven under i 1920, og sett ut i livet 14 August 1925. Så frå 1925 har det tidlegare ingenmannslandet vore under norsk flagg.



 

Opningstider

April, Mai, September og Oktober
Frå 23. april kvar dag 12:00 – 16:00
t.o.m. søndag 30. okt.

Juni, Juli & August
Kvar dag 11:00 – 17:00
Inngong Vaksne Kr. 70 / Born Kr. 30


Kontaktinformasjon

Adresse
ISHAVSMUSEET AARVAK
6062 Brandal

Kontakt
Tlf. kontor 70 09 29 00 
Tlf. resepsjon 70 09 20 04
Mob. 951 17 644
post@ishavsmuseet.no

 

Design: Osberget ASPowered by: Osberget CMS