Polarkveld med foredrag av Idar Eklund

Ishavsskuta «Asbjørn» frå vogge til grav

Fredag 23. februar kl. 19.00

To retters middag med selkjøt og klippfisk

Ishavsskuta «Asbjørn» frå vogge til grav

24 nautiske mil nord for Hopen skjer det. Snurparen «Asbjørn» av Gratangen har gjort sitt siste loddekast og fått full last. Stemninga blant dei 13 om bord er svært god. Endeleg kan dei vende kursen heim igjen. Men vêret er dårleg og eit frykteleg drama på liv og død er i emning.

Det blir slått full alarm og alle i mannskapet kjem seg opp i styrehuset og ifører seg flytevest. Naudropet blir høyrt av «Flømann» frå Hareid.

16 år gammal var Idar Eklund frå Gratangen i mannskapet på «Asbjørn» og var nær ved å kome vekk på havet. Eklund var allereie ein erfaren fiskar, han hadde vore med sidan han var 14 år.

Fredag 23. februar kl. 19 kjem Idar Eklund til Ishavsmuseet med foredrag om det dramatiske forliset, 19. august 1973, og han fortel også historia om «Asbjørn», frå vogge til grav.

– Vi hadde akkurat drege inn siste kaste og festa nota då vi fekk naudropet frå «Asbjørn», fortel styrmann på «Flømann» Kjell-Arne Sundgot. Heldigvis var vi ikkje langt unna. Vi gav full fart og fann dei heldigvis ganske raskt. Vi såg at «Asbjørn» var på veg ned. Mannskapet hadde kome seg om bord i lettbåten, men den var lekk, så det var ikkje mange minutta det stod om før alle hadde ligge i sjøen.

16-åringen Idar Eklund gløymte redningsvesten sin om bord i redningsbåten «Flømann». Heile 42 år etter fekk han den tilbake frå redningsmann og styrmann Kjell-Arne Sundgot. Sundgot stilte sin lugar til disposisjon til Eklund, og her vart redningsvesten liggande igjen.

«Asbjørn» var bygd i Åbo i Finland som slepebåten ved namn «Hugo Heinke».  Kjøpt til Tromsø i 1950 av reiarlaget Otto Holm og fekk namnet «Polarsirkel».  I 1951 blei skuta ombygd til fiske- og fangstfartøy. «Polarsirkel» er det fartøy som har brakt med mest fangst frå Newfoundland til Tromsø, og  i 1956 blei det brakt inn rekordfangst på 32 026 dyr.

Idar Eklund er av  ishavsslekt frå Gratangen.  Han reiste i si tid som maskinist på «Polarsirkel»/«Asbjørn» og kjenner skuta si historie betre enn dei fleste.  Eklund er i dag driftssjef på avdeling for bygg og eigedom på UiT Norges arktiske universitet, Tromsø Museum, og vil under foredraget på Ishavsmuseet ta for seg skuta si historie frå ho kom til Tromsø i 1950 og fram til forliset i 1973. Kjem dei verkelege årsakene fram under sjøforklaringane når eit fartøy forliser?

Etter foredraget serverer Ishavsmuseet 2 retters middag med røykt selkjøt og klippfisk i museumskafeen. Påmelding ved middag.