MENY

ishavsmuseet_aarvak___logo.png

Ishavsmuseets venner

Ishavsmuseets Venner er aktive med på arrangement og dugnad ved museet.
Ishavsmuseets Venner er aktive med på arrangement og dugnad ved museet.

Etter at Ishavsmuseet hadde vore i drift ei tid, dukka behovet for ei venneforeining opp. Spesielt etter at museet flytta inn i nye å større lokaler. Bjarne Brandal tok den gong utfordringa, og stifta den gongen foreininga, med seg sjølv som formann, og med seg hadde han 4 styremedlemmer. Foreininga var tenkt å vere ei støtteforeining for museet, som kunne hjelpe til med oppgåver både av praktisk art, og med andre gjeremål som kunne vere til nytte for museet.

Foreininga fekk i stand eit eige flygeblad med informasjon om museet. Foreininga fekk også i stand eit eige orkester for museet. Dessutan blei foreininga brukt til diverse praktiske gjeremål ved museet. I dag har venneforeininga i overkant av 600 medlemmer, og har Bjørn Røyset som leiar.

Flygebladet har blitt til ”Isflaket”, eit tidsskrift for polar historie, som kjem ut med  4 nummer i året. Johannes Alme var første redaktør, og utarbeidde eit blad som no har blitt eit av landets største på polarhistorie, han vart av avløyst av Andreas Ringstad på redaktørkrakken. Finn Sindre Eliassen var redaktør i fleire år, og no er museumsstyrar Webjørn Landmark redaktør for bladet.

Ishavsmuseets venner hjelper museet med ein del praktiske gjeremål ved museet, på dugnadsbasis. Vi har også eigne arrangement ved museet, der formålet er å skaffe positiv blest om museet, samt å støtte museet økonomisk.

Venneforeininga sitt overorda mål er å vere ei støtteforeining for museet i ordet sitt vidaste forstand, i nært samarbeid med leiinga og styret for museet. Besøk også venneforeininga si heimeside; www.ishavsvenner.net

 

Opningstider

April, Mai, September og Oktober
Frå 23. april kvar dag 12:00 – 16:00
t.o.m. søndag 30. okt.

Juni, Juli & August
Kvar dag 11:00 – 17:00
Inngong Vaksne Kr. 70 / Born Kr. 30


Kontaktinformasjon

Adresse
ISHAVSMUSEET AARVAK
6062 Brandal

Kontakt
Tlf. kontor 70 09 29 00 
Tlf. resepsjon 70 09 20 04
Mob. 951 17 644
post@ishavsmuseet.no

 

Design: Osberget ASPowered by: Osberget CMS