MENY

ishavsmuseet_aarvak___logo.png

Kurs og konferanse

Ishavsmuseet har spanande lokaler som høver godt til møte, kurs og konferansar. Vi er fleksible og kan lage til lokale som passar deg.

Til større medlemsmøte og liknande skulle første etg. høve bra. I andre høgda har vi innreia eit konferanserom med det meste av utstyr du skulle ha behov for. Ut i frå dine behov kan vi lage til løysingar alt i frå fem til femti personar. (100 ved kino oppsett). Før - under eller etter møtet eller konferansen, kan ein av våre guidar ta deg med på omvising rundt om i museet.

Dei fleste av våre guidar er folk som sjølve har drive ishavet som skipperar, maskinistar og fangstfolk i ei årrekkje. Kva kan vel vere meir spanande enn å høyre historia frå dei som sjølve har opplevt den? Dei treng ikkje ein gong å krydre historia, den er dramatisk nok som den er.

Etter ei slik omvising kan du gå til dekka bord i svært spesielle omgivnadar. Her pustar isbjørnen deg nærast i nakken når du spiser lunsj eller middag. Vi har teke vare på den gamle sjøbustilen inne i lokala, noko som gir selskapet ei svært spesiell atmosfære. Vi har eit nært samarbeid med catering selskap både i Hareid og Ulstein som leverer og serverer mat utifrå dine ønskje. Eller kva med å prøve vår berømte selgryte a’la Blueback? Selgryte i eit slikt lokale er ei stor oppleving. Du er velkomen til å halde din konferanse eller møte på Ishavsmuseet. Dette er ei oppleving dine kundar og kontakter garantert vil huske.

Kontakt oss for tilbod.

dsc_0397.jpg

 

Opningstider

April, Mai, September og Oktober
Frå 15. april kvar dag 12:00 – 16:00
t.o.m. søndag 22. okt.

Juni, Juli & August
Kvar dag 11:00 – 17:00
Inngong Vaksne Kr. 75 / Born Kr. 35


Kontaktinformasjon

Adresse
ISHAVSMUSEET AARVAK
6062 Brandal

Kontakt
Tlf. kontor 70 09 29 00 
Tlf. resepsjon 70 09 20 04
Mob. 951 17 644
post@ishavsmuseet.no

 

Design: Osberget ASPowered by: Osberget CMS