Søndagsmiddag og film 8. mars
Søndag 8. mars kl.13-17 vert det søndagsmiddag på Ishavsmuseet. Stor buffet med varme og kalde rettar, dessert og kaffi, kr. 350,-. Vi heidrar alle sterke kvinner på kvinnedagen, og viser dokumentarfilmen Ishavskjerringa frå 2012 i konferansesalen kl. 13.00 og 15.00.
Påska 1952 skjedde ei av dei største katastrofane i norsk sjøfartshistorie, då fem ishavsskuter med 78 mann forsvann sporlaust under ein orkan i Vestisen. Kvinnene hadde ingen kontakt med mennene frå skutene la ifrå kai til dei kom tilbake fleire månader seinare. Om dei då kom tilbake. Filmen om Ishavskjerringa er laga av Hilde Ranheim og Marit Stensby, som er utdanna ved dokumentarfilmstudiet på Høgskulen i Volda. Dette er deira avsluttande eksamensfilm.

