Eit sovjetisk krav. Ein norsk ekspedisjon.
Ny Polarkveld på Ishavsmuseet fredag 24. april kl. 19.00
Moskva, den 6. mai 1926. Sovjetunionen vedtek ein ny politikk for suverenitet over arktiske områder. Denne politikken inneberer sovjetisk suverenitet over Frans Josefs Land. Den utfordrar viktige norske næringsinteresser så vel som det norske synet på folkerettsleg praksis for annektering av herrelaust land.
Noreg vert sett i alarmberedskap. Sovjetunionens krav om suverenitet skulle møtast med handling. Ein okkupasjon av Victoriaøya skulle verta nøkkelen i eit framstøyt mot Frans Josefs Land. I sentrum av disse hendingane står to sentrale vitskapsmenn: Adolf Hoel og Gunnar Horn.
Det er dette som er det dramatiske bakteppe når forfattar Svend Otto Remøe kjem til Ishavsmuseet fredag 24. april for å presentere si nye bok.
Istid – Kampen om Arktis er ei dramatisk fortelling om ei lite kjent side ved den norske «ishavsimperialismen». Samstundes gjev den ei innsikt i forholdet mellom dei to landa og den aukande betydninga av arktiske forhold i mellomkrigstida.
Svend Otto er barneborn til den kjende ishavsskipper Sigvald Remøy. Svend Otto bur sjølv på Hamar, men besøkte sin farfar kvar sumar ute på Remøya. Her fekk han høyre mang ei historie frå selfangsten som sette sine spor.
Svend Otto Remøe har tidlegare utgitt Fanget i polarisen (2018) og fortsette med dette historia om grensetvistane i nord med Noregs nabo i aust.
Som vanleg er vert det servert middag etter foredraget, og denne gong med grilla piggvar på menyen. Trykk her for billett

