ISHAVSKJERRINGA

ISHAVSKJERRINGA

Av Webjørn Landmark
Så lenge det har vore drive fiske og fangst langs kysten vår er det mennene som har stått i fokus og vore dei som har drive dette fiske, og seinare ishavsfangsten. Forlisa var mange, og mange menn kom ikkje attende til sine kjære. Norsk selfangst si historie er full av dramatiske skildringar om forlis i kamp med drivisen. Denne historia er det skrive mykje om.

Men om ho som alltid sat igjen heime når mannen og ofte både ein og fleire søner reiste på ishavet er det mindre skrive. Som regel byrja sønene deira på denne farefulle seglasen så snart dei hadde fått prestehanda på seg.
Ishavskjerringa og fiskarkonene hadde ansvaret for heimegard med krøter, sauer, slotten og ofte ein stor barneflokk. Mange hadde også foreldre og svigerforeldre å ta seg av, slik vanleg var den tida. Ho rodde også småsjøen for å spe på hushaldinga, og tok seg arbeid med sildesalting på sjøbuene i bygdene. I sesong kunne du finne Ishavskjerringa i arbeid med tromling og behandling av selskinn.

Dei tenkte sjølvsagt på faren med å sende mann og son på ishavet. Dei som var med fortalde ikkje så mykje om dramatikken når dei var heime. Det var best ikkje å skape uro. Som regel gjekk det bra, men meir enn ein gong har både far og son kome vekk på same skute. I små bygdesamfunn som i Brandal var det ikkje forhold til jordbruk. Det var havet og seinare ishavet som var arbeidsplassen.

Det var sterke, sjølvstendige kvinnfolk som sat att heime, med store barneflokkar, som heldt styr på det meste medan mennene var på ishavet. Dei som var ute hadde ikkje radio første tida som kunne melde ifrå heim om korleis stoda var. Ho som sat heime viste ingen ting frå dei gjekk ut kring neset og til skuta kom siglande inn mot fagre heimestrender igjen. Der sto ho, ute på yste neset og speida etter skuta når den var ventande heim. Fann seg liksom eit ærend ut dit. Ofte bytte nabokonene på å finne seg slike ærend ut på neset. Var flagget på heil eller halv stang tru? Ofte kom dei ikkje i det heile tatt. Skuteforlisa var mange og dramatiske. Dei største katastrofane var i 1917 då sju skuter forliste, seks i isen og den sjuande på veg til Grønland. 87 mann kom vekk. Den andre var så seint som i 1952 då det kom vekk fem skuter med 78 mann. 48 koner med 98 umyndige born sat igjen heime utan sin forsørgjar.

44 av dei sakna i 1952 var frå Troms, 34 var frå Sunnmøre. Det vart satt i gang pengeinnsamling for dei etterletne. Allereie 14. mai var summen komen opp i 600.000,- kr. Direktør Kristoffer Aamot ved Oslo kommunale kinematografar med delte at dei kommunale filmbyrå hadde sagt seg villig til å gi speleinntektene på sine filmar til Selfangerhjelpa på ein bestemt dag. Teatersjefane i Oslo fylgde opp med å gi 50 orkesterplassar frå kvart teater. Norsk Rikskringkasting gav inntektene frå to ynskjekonsertar til same formål. 15. mai var det motorsykkelstevne på Dælenenga i Oslo. Det kom 5422 betalande, og heile inntekta gjekk til Selfangarhjelpa. I august var det kome inn 2,4 mill. kroner som dei etterlatne kunne søke støtte frå. Langt i frå alle desse innsamla midlar vart delte ut.

Dette var i 1952. Men tilbake i 1917 var det inga støtteordningar. Skutene hadde ikkje radio, og dei skutene som kom vekk vart ikkje meldt sakna før langt ut på sommaren. Først i august vart det sendt skuter på leiting. Då var det truleg fleire månadar sidan dei forsvann. Likevel, det vart funne to fangstbåtar og ei heil skipsside etter denne ulykka.

Skal tru kva ho følte på Ishavskjerringa som gjekk heime og venta. Alle skutene seig mot land. Kvar var deira skute tru? Dei burde vere komne heim for lenge sidan. Likeins var det med mange av dei andre forlisa der mannskap kom vekk, eller menn var sakna og omkome på andre måtar. Dei viste lite. Men når tida nærma seg for at skutene var ventande heim, fann dei seg stadige ærend ut på berga og kika utover havet, speida etter skuta, og var spente på kor høgt flagget hang.
Dei hadde berre håpet å halde seg fast i.

Vi har mange gangar skrive «Skuter av tre – mannskap av jarn», vi kan med godt samvit føye på «Skuter av tre og kvinner av stål». Denne historia kunne vore henta frå mange bygder langs kysten vår. Dei fekk inga medalje dei som sat heime og venta, men vart nærast gløymde.
I Brandal ville Oleif Eiken gjere noko med dette, og tok initiativet til å starte eit arbeid for å reise eit monument over dei «kvinnene av stål» som venta heime. Ishavskjerringa vart avduka av Oleif sjølv ved Ishavsmuseet i 2005. Oleif vaks opp i ishavsbygda Brandal der kvardagen kvar vår var prega av at mennene gjorde klart for å gå i isen.

Ishavskjerringa skal minne oss alle, både i dag og i framtida, om deira store innsats og ansvar for barneflokk, besteforeldre og heimegard. Medan mennene kjempa sin kamp mot naturkreftene på ishavet for å ha eit levebrød og i mange tilfelle aldri kom heim.

Eg vil her ta for meg eit par av dei Ishavskjerringane i Brandal som måtte gjennom meir enn dei fleste.
Dei to er Gurine Liavåg og Emma Brandal. Det var ikkje tilfeldig at gutane deira heitte «Gurina-gutane» og «Emma-gutane». Begge vart tidleg enker, havet tok mennene deira, begge miste skutene sine, begge vart sitjande att med barn som skulle ha mat og klede. Begge sleit og streva for seg og sine på ein måte som ville vere utenkeleg i dag.

Gurine Mur Liavåg
Fyrst fortel vi om Gurine, eller Mura-Gurina, som ho til dagleg vart nemnd.
Gurine var fødd 25. november 1879, og døde 16. juli 1963. Foreldra hennar var Elisa Petersdtr. Korsnes, syster til Ole P. Brandal (Leit) og Elias Grimstad. (klokkar-Elias). Far hennar var Peter Johannesson Saudebø, som kjøpte Muren. Der vaks Gurine opp i lag med to systrer og seks brør. Faren var som alle andre den tid, bankfiskar og småbrukar. Han brukte sjøen, og Lisa og borna dreiv garden. Alle seks brørne vart ishavsfolk.
Johannes, ein av brørne, skildrar henne om lag slik; «Gurine var middels høg, hadde mørkt krulla hår, små spel-levande auge, rett i ryggen og snar i snuen. I seksten-sytten årsalderen var der ingen som kunne måle seg med henne på dansegolvet når fela eller trekkspelet let».
Men lagnaden ville ikkje at livet hennar skulle bli ein dans på roser, enno om det såg sværande lyst ut i første omgang. Tjueto år gamal vart ho gift med Severin Eliasson Liavåg frå Gåsneset i Hjørungavåg. Han var fødd 1. april 1879 og drukna 13. mai 1909.

År 1900 finn vi Severin Liavåg (i Brandal sa ein alltid «Han Gåsnes») på eit bilde av mannskapet på «Minna». Der er han nemnd som fyrsteskyttar. Det var i 1898 at «Minna» fyrste gongen var i isen. Då hadde dei skyttarar frå Troms. Severin må såleis vere ein av dei aller første ishavsskyttarane frå Sunnmøre. I 1908 fekk han nybygd skuta «Floren» saman med kjøpmann Koppernæs i Ålesund. Skuta var 57,1 fot og var ei av dei første spesialbygde ishavsskutene. Frå 1904 til 1907 eigde han saman med nokre andre storskøyta «Avance» som forliste ved Island i 1907.
Jau, alt såg lyst ut for Gurine. Nytt hus bygde dei i Brandal på eigedomen til far hennar i 1904. Same året vart Einar, eldste guten fødd. Peter kom eit par år seinare. Huset var etter si tid, stort og vakkert. Der var endåtil hage med stakitt i kring.

Men så: I 1908 reiste Severin til Grønland for å overvintre saman med Peder, bror til Gurine, og to av syskenborna hennar. Tida gjekk, eit heilt år, ein hadde korkje post eller radio den tid. Sommaren 1909 kom «Floren» siglande inn med land med flagget på halv stang. Severin og syskenbarnet til Gurine gjekk gjennom isen den 13. mai då dei skulle hente ein isbjørn dei hadde skote. Det er sagt at den dagen «Floren» kom heim med flagget på halv stang, vart den spel-levande Gurine «ei kvinne av stål». Sorga fraus til stålis inne i henne.

Vel, livet laut gå vidare. Men kva skulle ho og gutane leve av? Det fanst korkje enkjetrygd, barnetrygd eller noko slags hjelp å få den tid. Jau, fattigkasse, men dit gjekk ikkje folk, då laut ein vere så langt ned på at ein kraup, og det låg slett ikkje for Gurine.

Skuta «Floren» kunne ho ikkje bli sitjande med, det var heilt utenkjeleg i den tid. To av brørne hennar tok over Severin sin part, Koppernæs resten. Om somrane tok ho seg slåttearbeid. Straks silda kom, ho kom tidleg, ofte i november/desember, vart det sildearbeid. Sildesaltinga vart betalt pr. tønne, og difor vart det å stå på dag og natt så lenge det fanst sild. Når torsken kom vart det flekking og salting, og seinare vart det å stå ved ein båt fylt med sjø og vaske fisk i nordavinden for deretter å tørke nokre tusen om våren og sommaren. Likevel, det som vart den verkelege redninga, var strikkemaskina. Den gong brukte alle fiskarar, fangstfolk, ja, i grunnen alle som hadde utearbeid, strikka underklede. I kammerset ved sidan av kjøkkenet hadde Gurine arbeidsrommet sitt. Der spann, tvinna, strikka og sydde ho underklede. Før kvar sesong. Vart dagane for korte laut natta takast til hjelp.

Gutane var ikkje store før dei syrgde for kokefisk. Det kom av seg sjølv at dei skulle på sjøen. Straks dei fekk prestehanda på seg, så finn vi dei på ishavet. I 1930 var Einar saman med to av brørne hennar om bord på «Kvitis» som forliste i Vesterisen, og vart berga av «Skansen», der ein av brørne til Gurine var skipper, ein var fyrsteskyttar, og han hadde med seg den 15 år gamle son sin, og så var Peter, son til Gurine med. Soga om den redningsdåden trong å bli hugsa. I 1939 gjorde Einar, saman med andre, ein stordåd då dei berga mannskapet på «Saltdalingen» i ein orkan på veg til Newfoundland. Gurine sat heime, sa aldri eit ord. Uro synte seg ikkje, men kva som uroa seg inne i henne, det veit berre hennar aller næraste.

Så kom krigen. Peter enda på Island. Han var med «Polaric». Fire av brorsønene hennar siglde ute. To vart borte på havet. Det vart fred, Peter kom heim og vart skipper på «Buskø». Einar vart skipper på sjølvaste «Veslekari». No var sorgene sløkte for den gamle heiderskvinna. Men, nei. Einar fekk kreft i 1949, og etter kort sjukeleie døde han. Kona hans sat att med sju gutungar, den eldste 14 år gamal.
Atter reiste den viljesterke gamle kona seg: «Oss skal greie oss sjølve». Atter ein gong finn ein Gurine, sonekona og gutungane kring båten i fiskevasking. Kaldt og surt, «men oss skal greie oss sjølve». Havet gjev, men sjøen tek. Ein dag drukna ein av dei minste gutane i fjøra bort i støa. Enda eit offer.

Men enno var ikkje dei vonde dagane for Gurine over. I påskehelga 1952 frettast det om ulykke under ein orkan i Vesterisen. Då presten under gudstenesta bad for skuter og mannskap, sat Gurine rett i ryggen, som forsteina. Under ofringa gjekk ho roleg og fast kring alteret. Men under nattverden då ho feste auge på glasmåleriet, draup tårene.
Siste åra ho levde budde ho på Hareid kvileheim. Kvar preikesøndag sat ho slik at auga var feste på glasmaleriet av Meisteren som i stormen rettar handa til Peter som søkk.

Så 16. juli 1963 sovna den gamle slitne heiderskvinna, ho som havet var så hard med. Men ho som aldri let seg knekke.

Emma Brandal
Ei anna heiderskvinne i Brandal var Emma Brandal. Emma var frå Godøya, eller Gøyna som ho sjølv sa. Ho var fødd 10.10-1872. Faren heitte Bernt Godø.
I 1899 vart ho gift med Rasmus Rasmusson Brandal. Han vart til dagleg kalla Lisje-Rasmus endå han var ein kjempekar. Faren heitte og Rasmus, så derfor fekk han tilnamnet.

Alt såg lyst ut for Emma då ho kom til Brandal. Mannen var ein drivande skipper som eigde skute saman med broren Lars. I 1906 bygde dei ny skute, 57,7 fot lang og som fekk namnet «Skjold». I 1912 vart skuta forlengd og fekk motor. Namnet vart no endra til «Isspurven». Kjøpmann Koppernæs i Ålesund kjøpte no Lars sin halvpart.

Emma og Rasmus kjøpte kårstova hans Gullik Grimstad og sette henne opp på broren Lars sin eigedom. Der står ho den dag i dag. Jau, Emma kunne sjå lyst på livet. Det var ikkje mange som hadde innlagt vatn og vask den tid, men det hadde Emma. Ho hadde også ein liten hage med stakitt og hageport! Sjølvsagt var det kav og slit for ei ungkone å sitje heime med ein ungeflokk vike etter vike, månad etter månad medan mannen var på sjøen. Men slik var arbeidsfordelinga den gongen. Ho viste ingen ting om skuta frå ho stakk til havs og til ho kom sigande inn igjen langs med land. Og ungeflokken vaks. Dei mest «ongle-fylgde» Gustav f. 1899, Bernt 1901, Reidar 1903, Alf 1905, Agnes 1907, Severin 1909, Solveig 1910, Edit 1912 og Rasmus 1914. Men kva gjorde kav og slit når ein hadde hus, mat og rikeleg utkome?
Ein kravde ikkje meir den gongen. Ein var lukkeleg.

Men den nådelause lagnaden nådde Emma og, nett slik som han hadde slege grannekona, Gurine, nokre år før.
Nyttårsdag 1914 gjekk «Isspurven» ned nord for Kristiansund. Heile mannskapet kom bort. Fire mann frå Brandal fylgde skuta i havet. Det var: Skipperen Rasmus Brandal, sonen Hermann Brandal, brorsonen Sivert Brandal og granneguten Harald Landmark. Resten av mannskapet var frå andre bygder. Det kan nemnast at ei skute til frå Brandal gjekk ned same natta. Det var «Rapp», eigar Rasmus Brandal frå Pe-garden». To av gutane hans, Iver og John kom bort, likeins brorsonen frå Risegarden.

Ja, så sat ho Emma der att med barneflokken. Gustav var 15 år, og Rasmus var ikkje fødd før eit halvt år etter. No var det slutt på dei gode dagane. Skuta var borte, mannen omkomen. Hadde det vore i dag, hadde eit katastrofeteam vore på plass med prest, psykolog, psykiatriar, barnevernspedagogar og all slags nemnder og trygder.

Den gong fanst ikkje noko slikt. Det er sagt at då lagnaden slo Gurina, så vart ho ei kvinne av stål. Det vart ikkje Emma. Ho var mjuk og kunne gråte, men det mjuke kan vere like seigt som stålet er hardt. Begge dei to grannekonene hadde ein ubøyeleg livsvilje til å greie seg sjølve.
Og så finn vi dei to ved sidan av kvarandre på sildearbeid, fiskearbeid, fisketurking og slåttearbeid. Barna laut tidleg ut for å hjelpe til, jentene inne og gutane på sjøen. Straks gutane hadde fått prestehanda på seg for dei på ishavet, og då letna det økonomisk, men så kom det som var verre. Heimen vart råka av tuberkulose som då herja i bygdene våre. Agnes, eldste dottera vart gift med skipper Rolf Kvien. Dei fekk ein gut, men så døde Agnes av tuberkulose.

Så døde Edit i 1934, Solveig i 1936 og Rasmus i 1946. Under krigen siglde Bernt ute, og kva han der gjekk igjennom, kunne det ha vore skrive bøker om. Alf og Rasmus siglde på kysten. Vi kan berre ane kva den hardt røynde mora laut gå i gjennom. Bernt kom heim, tok oppatt ishavsdrifta, men hadde nok fått ein helseknekk og døde helst ung.
Så ein dag fekk Emma kvile. Ho sovna inn 7. februar 1954, 80 år gammal.

Vi kan gjerne minnast at frå ca. 1850 og til 1980 så har kring 50 menn frå Brandal funne si grav på havet.

Tanken om ein minnestein etter kvinnene som sat heime kom ikkje fram den tid dei livde. Mange av kvinnene vart gløymde, men heldigvis har det i nyare tid blitt reist fleire minnesmerke for å heidre dei.

I perioden frå 1991 til 2018 kom følgande 11 statuer opp:
1991 Sildekona Tore Bjørn Skjølsvik Ålesund
1992 Klippfiskkjerringa Tore Bjørn Skjølsvik Kristiansund
1997 Fiskarkone med barn Tore Bjørn Skjølsvik Fosnavåg
1997 Feskarkjerringa Ola Stavseng Veiholmen, Smøla
1997 Sjømannens hustru Harald Wårvik, Rørvik, Vikna
1999 Fiskarkona Per Ung, Molo ved Svolvær
2000 Sjømannskona Tore Bjørn Skjølsvik, Kilsund, Arendal
2004 Sjømannshustruen Nina Nesje, Tjøme
2005 Ishavskjerringa Tore Bjørn Skjølsvik Brandal
2007 Fiskerkona Tore Bjørn Skjølsvik Vartdal
2018 Fiskerbondekona Tore Bjørn Skjølsvik Kveøya, Kvæfjord

Lokalhistorikar Magnulf Bjørndal hadde ein 17. mai ein appell ved kransen av minnesteinane på Hareid kyrkjegard ein gong på 1970-talet ei oppramsing over mange kvinner i Brandal som mista sine, under overskrifta «Dei som ikkje fekk medalje». Vi tek med heile Bjørndal sin appell her:

«Dei som ikkje fekk medalje»
Eg sto ein dag på Hareid kyrkjegard og las på «Minnesteinane». Då kom eg til å tenkje på at bak alle desse namna sto minst eitt namn, ei mor eller ei kone.
Ikkje ei einaste av desse kvinnene har fått namnet sitt på ein minnestein eller sogebok, og lite truleg er det vel at dei får det.
Med eitt såg eg føre meg alle brandalskonene som mista mann, son eller nære slektningar. Dermed gjekk eg heim og skreiv ned det eg kunne kome på. Det er sikkert fleire eg har gløymt, men i alle fall er no desse namna nemnde.
Eg går no frå gard til gard, og frå hus til hus i Brandal. Det er berre mødrer og koner eg nemner.
Vi startar i første huset når vi kjem frå Hareid til Brandal.

Jenny Klepp. Eller Klepp-Jenny i daglegtale, er den fyrste slitaren. Ho hadde 13 born. Dette var før barnetrygd, vaskemaskin, støvsugar og heimefrysar og kjøleskapstida. Mannen var maskinist på Brandalsskutene, så innkoma var etter si tid brukeleg, men ho laut vere eit uvanleg arbeidsmenneske.
Alt i 1909 mista Jenny eit syskenbarn og mannen til eit anna syskenbarn. Dei gjekk gjennom isen borte på Grønland under isbjørnfangst med «Floren-ekspedisjonen.»
I ulykkesåret 1917 kom begge brørne hennar vekk i Vesterisen. Dei var skipperar på kvar sine skuter. Så kom krigen i 1940. Mannen var maskinist på «Veslekari», og kom i alliert teneste. Ho visste såleis ikkje kvar han var. Eldste sonen, Olav, var maskinist og siglde ute, stundom over Atlanteren, og andre tider i Middelhavet. Ein dag var han borte. Son nr. 2, Oddmar, var maskinist på godsruteskipet «Cygnus». Under eit flyåtak blei han treft av ein granatsplint. Så var han og død. I 1945 kom mannen heim, men hjartet hadde fått ein knekk, han døde kort tid etter. To søner til døde. Denne kona fekk aldri krisehjelp. Ho greidde seg sjølv.

Berte-Oline Skarbakk budde i neste tunet.
Ein dag i 1887 sto ho og drengen, Olav Brobak, og venta på at den nye skuta «Perlen» skulle kome å hente drengen som hadde vore inn på Bruaplassen for å hente kle sekken sin. Skuta kom ikkje. Ho gjekk direkte ut på bankane, og kom aldri att. Berte-Olilne sat att med ein liten gut. Mannen som var skipper, svigerfaren og ein svoger kom bort saman med den nye skuta. Eline Hovlid Skarbakk, i daglegtale «Spytar-Elina, var svigerinna til Berte-Oline. Ho sat att med ein liten gut som fekk namn etter faren , Elias.
Serina Brandal som budde nedanfor vegen på Skarbakken mista svogeren sin i same forliset.

Oluffa Brandal i grannetunet var syster til Berte-Oline og mista såleis svogeren sin.

Johanne Brandal (Bakke-Johanne) hadde vitjing av brorsonen sin, Elias Midtflø ein dag i 1924. Han hadde med seg sonen Hans. Dei kollsiglde på heimveg ut for Buhammaren. Elias drukna. Hans vart redda. Svigerfaren til Johanne hadde og kome bort på havet.

Olaug Brandal budde på andre sida av Storelva. To av farbrørne hennar tok havet. Syver i 1914 med «Issporven» og Ragnvald i 1916 då «Onward Hoo» forliste i Alaska. Dertil to svograr og eit syskenbarn.

Olaug Brandal Sivertsen budde på andre sida av vegen. Hennar far og farbroren kom bort i Vesterisen 1917. Ho fekk namn etter faren som heitte Ole. Han var skipper på «Lunheim». To syskenbarn vart drepne i krigen.

Hansi Brandal budde 20 meter frå Olaug. Hennar svoger kom bort i Vesterisen i 1952.

I Runnane sat Runne-Laura. Svigerinna hennar mista mann og son.

Andrea Brandal (Liset-Andrea) budde i vegkrysset til Indredalsvegen. Mannen hennar, Karsten Brandal, kom bort i Vesterisen i 1952, han var skyttar på «Buskø». Sonen hans, Lars Peter, greidde å forlise to gongar før han var 16 år, men berga seg. Ein av morbrørne til Andrea kom bort ute på Egga, og syskenbarnet hennar Johannes omkom på ishavet i 1930.

Anna Brandal (Rise-Anna) mista bror sin i 1914 då «Rap» gjekk ned, og same gangen to syskenborn. Anna og Sverre mista seinare to ishavsskuter, men det gjekk heldigvis ikkje folk, dei vart redda.

Petrine Brandal (Rise-Petrina) Vart utan sonen, Olaf, då «Rap» forliste i 1914. Han var der saman med to syskenborn. Petrine var syster til Berte-Oline Skarbak som miste mannen då «Perlen» gjekk ned i 1887.

Oline Brandal (Plasse-Olina) miste ein bror og tre syskenborn i 1905 då «Heimdal» (Bjåstadbåten) forliste på heimveg frå Island. Svogeren Hans kom bort «Titran-natta» i 1899. Han var skipper på ein Ålesundsbåt.

Johanne Brandal (Gjerde-Johanne) var ille råka. Det var far hennar som førte og eigde «Gjerde-Elias-Åttringen» som kom bort i 1881. 34 born vart farlause den gongen. Mange vart bortsette på gardane til fostring. T.d. Skomakar-Iver i Isakgarden og Andreas Røyset på Håbakkane. Eldste bror til Johanne, Johan, kom vekk då «Perlen» gjekk ned i 1887. Broren Knut drukna i Ålesund i 1893. Johanne sin eldste son, Elias, omkom under sildefiske ved Flåvær i 1933.

Judit Brandal (Volle-Judit) i Legebakkane mista bror sin Karsten i 1952. Han var skyttar på «Buskø» og morbroren, Karl, i 1917. Han var skipper på «Admiralen». Mannen til morsystera, Odin Løset, kom bort same gongen.

Jakobine Brandal (Lege-Jakobina) hadde åtte søner, og fem av dei var fiskarar og fangstmenn, men merkeleg nok, ingen av dei kom vekk på sjøen. Ho slapp ikkje unna, to brør og tre brorsøner tok havet.

Nikoline Brandal (Leite-Nikolina) hadde to søner. Begge gutane, Godtfred og Ole, var skipperar og forliste i uveret i Vesterisen i 1917. Kona til Godtfred sat att med to born, og Emilie som var trulova med Ole, sat igjen med ei lita jente.

Anna Brandal (Leite-Anna) sat att med to små born etter at mannen Godtfred gjekk ned som skipper på «Arctic».
Emilie Rekdal som skulle gifte seg med den andre broren Ole, som var skipper på «Lunheim», sat att med ei lita jente etter forliset.

Anna Brandal (Volle-Anna) hadde og mange søner, fem i alt. Alle var fiskarar og fangstfolk. Mannen var fiskeskipper. Sonen, Karsten kom bort i 1952. Broren til Anna, Karl, kom vekk i 1917. Same året drukna og mannen til syster hennar Anna, Olivia. Mannen heitte Odin Løset.

Kristine Olsen Bratli miste far sin i 1917. Han var skipper på «Hercules II». Fire av morbrørne hennar, og ein svoger tok havet.

Marta Brandal (Pe-Marta) hadde tre søner. Dei to eldste, Iver og Jon, saman med syskenbarnet Olaf, var med skuta deira «Rap» som gjekk ned nyårshelga i 1914. Yngste sonen, Ruben, var for ung då, men gjekk om bord på den nye skuta «Riis», som vart bygd etter «Rap». «Riis» forliste i Kvitesjøen, men Ruben vart berga.

Lisa Brandal (Mura-Lisa) budde i det neste tunet. Ho hadde seks søner. Alle var fiskarar og fangstmenn, men ingen av dei drukna, sjølv om fleire av dei var med på fleire forlis. I 1909 miste Lisa ein dottermann, Severin Liavaag og ein brorson. Dei gjekk gjennom isen på Grønland. Etter at Lisa døde drukna fleire sonesøner. Tre av brorsønene hennar kom bort i isen medan ho var i live.

Karolina Brandal (Mura-Karolina) budde i same hus som Lisa. Karolina hadde ein son, Edvin. Han var styrmann og siglde ute under krigen. Han vart torpedert og kom bort.

Ragnhild Brandal (Mura-Ragnhild) budde på andre sida av vegen. Ho hadde to søner, begge krigsseglarar. Den eldste, Peter, vart drepen av ei bombe i London før jul i 1940. Hans, den andre sonen, forliste først med fangstskuta «Arktos», så på «Stavangerfjord» der han var matros. Kom så seinare om bord på «Bergensfjord» og var med i landgangen på Sicilia. Kom heim, forliste med «Polarbjørn» ved Newfoundland, vart berga av «Herøyfjord» som forliste på heimveg, men alle vart berga. Han har sjølv teke del i fleire redningsaksjonar.

Anna Eriksen Brandal. Mannen hennar forliste og, men vart berga. Bror hennar, Kristoffer, var borte under utanriksfart i Atlanterhavet.

Kristine Mur Fjelle mista broren Peter under krigen, likeins syskenbarna Edvin Mur og Peter Liavåg.

Gurine Mur Liavåg (Mura-Gurina) vart hardt råka. Mannen drukna under isbjørnjakt på Grønland saman med syskenbarnet hennar i 1909. Eit nytt slag kom i 1952 då sonen hennar, Peter, kom vekk med «Buskø» i Vesterisen. Ein soneson drukna som smågut bort for heimelandet.

Emma Brandal budde vegg i vegg med Gurine. I nyårshelga 1914 forliste «Isspurven» nord for Kristiansund. Mannen hennar var skipper. Sonen Hermann var også med. Likeins brorson hans Rasmus. Ho sat att med sju born, den eldste var 15 år.

Margrete Landmark Vartdal budde ti meter frå Emma. Mannen hennar var handelsmann, men Margrete hadde tre brør Landmark som havet tok, Harald i 1914 med «Isspurven», Henrik i 1917, og Vebjørn i 1959, og den fjerde Bertel som døde på Færøyane under krigen.

Karolina Brandal (Rasmus-Karolina) fekk og sitt. To søner, Syver på «Isspurven» i 1914 og Ragnvald på fiskebåten «Onward Hoo» i Alaska i 1916. Svogeren og son hans kom også vekk med «Isspurven».

Margit Brandal hadde to svograr som havet tok.

Kristine Landmark hadde seks søner. Havet tok fire av dei, og dertil ein svigerson.

Karen Marø Runne Brandal. Mannen Johan siglde ute under krigen. Han døde på Island. Yngste sonen, Jens, gjekk ned med «Borgund». Eldste sonen siglde og ute, men kom levande heim. Men han hadde fått ein helseknekk for hjarte og døde ung.

Kristine Brandal (Steinhaug-Kista) hadde åtte søner. Alle dei, og mannen Johan, var fangstmenn og fiskarar, men ingen døde på havet. Ein av svograne hennar og ein soneson drukna.

Berit Brandal (Sigvald-Berit) slapp og at nokon av hennar eigne drukna, men to svograr kom bort.

Petra Eriksen Brandal. Havet tok ein av hennar søner, Kristoffer som kom bort i Atlanteren.

Edit Høgtun Brandal mista sonen Magnar ut for Stadt. Han var skipper og forliste der.

Alette Brandal mista mannen sin Magnar i forlis ved Stadt.

Kirsten Skeide Brandal mista mannen i drukningsulykke i Østersjøen under fart med «Polarstar».

Karen Holm Brandal mista mannen Knut under overvintring på Grønland.

Systrene Anna Lillebø, Laura Lillebø og Kalla Marø miste fire søskenbarn på havet. Dei hadde alle tre menn og søner som var fangstmenn.

Andrea Mossa Olsen Brandal mista far sin på «Hercules II» i 1917, og fire morbrør tok havet.

Petra Brandal (Rise-Petra) mista bror sin på havet i 1914.

Anna Liset miste broren Laurits og brorson Johannes på havet.

Anne-Marie Liset Røren miste broren Laurits og brorsonen Johannes i 1930.

Eiken-Anna hadde tre syskenborn som kom bort i 1905 på «Heimdal».

Skal tru om ikkje nettopp desse kvinnene, mor og koner, var dei siste som sveiv gjennom tankane på søner og menn før havet tok dei.
Eg har no fare gjennom Brandal hus for hus. Der er nokre få heimar som har gått klar, men sidan dei var venar og grannar så fanst det ikkje ein familie som ikkje vart råka av tragediane. Lista er ei oppramsing som sikkert ikkje er komplett.
**
Kjelder:
Ishavsmuseets arkiv
Ishavsmuseet.no/skutekatalog
Henrik Landmark, fleire notat
Magnulf Bjørndal
Bygdebok for Hareid

0 - Kommentarar

    Legg att eit svar

    Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *