Polarkveld på Ishavsmuseet 20. november kl. 19.00:
Frå kvalfangst til historiske kart – Svalbards spennande kartskattar.

Foredrag og matservering med biff av sel forma i bacon med fløtegratinerte poteter og grønsaker.

Korleis vart Svalbard kartlagt, og kva kan gamle kart fortelje oss om livet i Arktis for fleire hundre år sidan? Dette er temaet når Mikael Lagerborg kjem til Ishavsmuseet 20. november. Under polarkvelden tek han publikum med på ei spennande reise gjennom Svalbards karthistorie – ei historie som handlar nesten like mykje om kvalfangst og ishavsfart som om kart.
Lagerborg tek oss med tilbake til tida før Svalbard vart oppdaga av europeiske sjøfararar. Han viser utviklinga frå dei første karta over nordområda og Barents» oppdaging av Spitsbergen i 1596, fram til den moderne kartografien tok over kring 1830.
Men det var ikkje fyrst og fremst vitskapleg interesse som dreiv fram kartlegginga. Det var kvalen!
Då dei første sjøfararane kom til vestkysten av Spitsbergen, oppdaga dei store mengder grønlandskval i fjordane. Dette sette i gang den første oljealderen på Svalbard frå kring 1610. I sesongane som følgde, kom det stundom fleire hundre kvalfangstskip frå Nederland, England, Frankrike, Tyskland og Danmark-Noreg. Kampen om dei rike fangstfelta gjorde gode sjøkart heilt nødvendige.
Kvalfangarane og sjøfolka bidrog sjølve til kartlegginga gjennom navigasjon, observasjonar og erfaringar frå ishavet. Frå den første korte kyststrekninga som vart kartfesta i 1598, voks kunnskapen gradvis fram, heilt til heile øygruppa var kringseilt og kartlagd.
Gamle kart fortel meir enn kvar land og fjord ligg. Dei gir oss eit fascinerande innblikk i kvalfangsten, sjøfarten, kampen om fangstområda og jakta på den ettertrakta lengdegraden. Gjennom oversiktskart, detaljkart og tematiske kart får vi eit unikt innsyn i korleis menneska utforska og oppfatta Arktis.
Utgangspunktet for foredraget er 16 utvalde kart frå Svalbardsamlinga, med kart og detaljar digitaliserte av Nasjonalbiblioteket. Samlinga vart bygd opp av Henrik Varming (1921–2005), tidlegare kontorsjef i Store Norske Spitsbergen Kulkompani, og er i dag eigd av Svalbard museum.
Lagerborg har sjølv eit nært forhold til Svalbard. Han og familien budde i Longyearbyen frå 1987 til 2009. Han har arbeidd for Store Norske og Svalbard Samfunnsdrift, og som bibliotekar ved Longyearbyen folkebibliotek og UNIS – Universitetssenteret på Svalbard.
Svalbardsamlinga er i dag fordelt mellom Svalbard museum, Nasjonalbiblioteket og Longyearbyen folkebibliotek. I september 2025 kom boka Svalbard på kartet, som presenterer 60 kart frå Henrik Varmings kartsamling.
Med eit rikt utval historiske kart og levande forteljingar om menneska, fangsten og utforskinga av ishavet ligg alt til rette for ein interessant og lærerik polarkveld.
Etter foredraget vert det i kjent stil servert middag i museumskafeen, og denne gang er det biff av sel forma i bacon som står på menyen.