«Faustina»-ekspedisjonen i 1924

Spenning og dokumentar frå fiske og fangst. Så eventyrlig med fisk – men den danske marinen jakta på «Faustina».

Lesaren får følgje «Faustina»-ekspedisjonen frå dag til dag, frå før avreise til heimkomst. Vere med på ei dramatisk overfart, møte drivis og sel rundt Kapp Farvel, drage liner i Davis.stretet, blant drivande isfjell, i godvêr og skodde, i bitande kulde og steikjande solskin – og så mykje fisk som der var!

Vest-Grønland var eit lukka land, og før avreise truga Danmark med å arrestere «Faustina» om dei kom inn til kysten. Men skipper Peder Blindheim trassa forbodet, og eskimoane smilte og dansa av glede då «Faustina» gong på gong ankra opp utanfor buplassane deira.

-Skyt med skarpt om Blindheim ikkje overgjev seg frivillig, var ordren dei danske marinegastane fekk då dei jakta på «Faustina» i den grønlandske skjergarden.