Cecilie Malene
| Eigar | P. Hanssen & Co., Tromsø Magnus Arnesen, Tromsø, P.L Wilhelmsen og Ole Næssø, Tromsø |
| Fartytype | jakt |
| Heimehamn | Tromsø |
| Byggeverft | Bergen |
| Byggematerial | Tre |
| Mål i lengde, byggeår | 57,8 fot |
| Mål i breidde, byggeår | 18,7 fot |
| Mål i djupne, byggeår | 6,7 fot |
| Tonnasje | 41 brt |
| Maskin, ny | 1918 Hein 22 hk |
| Skipperar | Johan Kjeldsen (1867) Søren A. Johannesen (1870) Gregus Larsen (1881) Magnus Arnesen (1882-1897) Ole Næssø (1897-) Theodor Pettersen (1907) Oskar Grødahl (1908) |
| Utfyllande opplysningar | I 1882 leigde franskmannen Carles Robot og engelskmannen A.H. Cocks skuta for ein vitskapeleg ekspedisjon til Spitsbergen. I 1883 er den på nordkysten av Edgøya. Her skaut dei ein del merka og kastrerte reinsdyr, som truleg stamma frå dei dyra som rømte frå Nordenskiold 10 år tidligare. I 1885 berga «Cecilie Malene» mannskapet på «Enigheten» av Kristiansund, og i 1889 reddar dei Kucenthal og Walter-ekspedisjonen. Ekspedisjonen hadde leigd Nils Johnsens «Bertine». Forliset fann stad på Aust-Spitsbergen ved Russeøyane. I 1898 gjekk «Cecilie Malene» frå Tromsø til Spitsbergen og Novaya Zemlya seint i april, og retunerte til tromsø 26. september med ein fangst beståande av: 38 kvalross, 442 sel, 6 isbjørn og 101 tønner med spekk. I 1900 går «Cecilie Malene» ut 23. april til Vesterisen. Då dei kjem heim 29. august har dei kurs frå Nordaust-Grønland. Fangsten består av 44 døde og 4 levende moskus, 3 levende isbjørn, 7 kvalross og 65 tønner med spekk. Moskusane vert selde til London Zoo for 18.000,- Kr. Ein svært stor sum den gongen!
|
| Litteratur | Gunnar Isachsen: "Norske Fangstmænds Færder til Grønland" |

