DAGSTUR MED «POLARSTAR»

Ishavsmuseet og soknet inviterer til dagstur med «Polarstar»

  1. Mai – kristi himmelfartsdag. Avgang frå Ishavsmuseet kl. 09:00

Det er med stor glede og entusiasme vi inviterer deg til ein dagstur i særklasse!

Polarstar på Hjørundfjorden

Maks 50 plassar, Påmelding seinast 20.mai, SMS til 92 09 01 74

Pris: Kr.1200,- uavhengig av alder el. vekt. VIPPS el.kort ved avgang. Makspris for familie med 3 barn eller meir; kr.4800,-

Pris inkluderer båttur, varmlunsj, kaffi, kake, gudsteneste og fellesskap

Ishavsmuseet og soknet samarbeider om denne dagen og turen går frå Brandal og inn fagre Hjørundfjorden, forbi Urke og inn mot Øye der det vert Gudsteneste kl.12.00 «under Slogen», og varm lunsj i etterkant. Dersom veret og anna tillett det, går vi ein tur inn til Bjørke før vi returnerer med ein sving opp under Sæbø før turen går attende til Brandal med ankomst ca.kl. 18.00.

Turen er open for alle som kan tenke seg å vere med. Alle må syte for å ha med kle til ulike vêrforhold, barn under 10 år bør ha på eigen flytevest under fart.

 

Gudstenesta ved foten av Slogen er ved Lars Hartig-Tangedal og Ida Teige. Den vert også streama via kyrkja si facebookside.