Gudsteneste om bord i ishavsskuta Aarvak søndag 5. juli. kl. 12

Ishavsmuseet og kyrkja i Hareid ynskjer velkomne til søndagsgudsteneste og søndagsmiddag ved Ishavsmuseet i Brandal.

Gudsteneste frå skutedekket vert i år arrangert for femte året på rad, og har såleis vorte ein flott tradisjon. Dei føregåande åra har det møtt mykje folk til denne Gudstenesta. Påmønstra prest er i år Kristian Myklebust, og Ida Teige er organist.

Alt ligg såleis til rette for ei trivelig stund om bord i Aarvak.

Gudstenesta tek til kl. 12.00

Etterpå vert det servert middag med sosakjøt og riskrem, kaffi og kaker.

I andre høgda på Ishavsmuseet vert framvising av filmen om Ragnar Thorseth sine ekspedisjonar. Denne går kontinuerlig på storskjerm i foredragssalen. I fjerde etasje går filmen “Ishavshanda” av Blåst film, og film frå ekspedisjon med “Polarbjørn” til Nordaust-Grønland i 1932. Det skulle vere ei fin anledning å bruke søndagen i Brandal med andre ord.

Velkomne.