«Mehamnopprøret 1903 og kvalfangst»

Polarkveld på Ishavsmuseet 20. februar kl. 19.00 
«Mehamnopprøret 1903 og kvalfangst»

Arne Johan Nilsen, forfattar og historikar, kjem til Ishavsmuseet med foredrag fredag 20. februar. Foredraget til Nilsen handlar blant anna om ein av dei minst kjende aksjonar utført av arbeidarklassa, men også om historisk kvalfangst og kvalfangst slik det vert drive i dag. Vi får også høyre historia til Helle som i dag driv kvalfangst.

I foredraget fortel Nilsen om korleis kvalfangsten har forma kystsamfunn, økonomi, miljø og politikk i Noreg og globalt, med Mehamnopprøret som eit sentralt historisk vendepunkt i kampen for berekraftig ressursforvalting og fiskarens rettigheiter. Innholdet i foredraget kombinerer historiske forteljingar, biologisk kunnskap og moderne perspektiv for å gje eit fullstendig bilete av kvalfangsten sin betydning og utfordring gjennom tidene. Enkelte kvalartar vart nesten utrydda på 1900- talet, og fangsten gjekk føre seg på alle hav.
Opprøret i Mehamn vert sett på som ein av dei viktigaste kampane arbeidarklassa førte i norsk historie. Kvenen «Stor Edward» fekk roa tilstanden.
Det var arbeidaropprør fleire stadar i landet. Sulitjelma og Trollfjord for å nemne nokre. Regenten var Kong Oscar 2 av Sverige. Hans betydning i striden er nemnt.
Nilsen fortel også om dei ulike fangstmetodane, og om Foyn-kanonen som revolusjonerte kvalfangsten. I foredraget kjem han også inn på kvalen som verdas største dyr, med dei ulike underartar, som alle har forskjellige kjenneteikn. Nokre har enorme hovud, andre har ein straumlinjeforma kropp. Nokre har til med eit spyd i snuten.

Arne Johan Nilsen er forfattar og historikar. Han har jobba med kraner, blant annet offshore og utanlands. Også periodar på Svalbard. Han kjem frå Kjøllefjord, bur no i Oslo, men har også familieband til Ørsta. Arne Johan Nilsen har gjeve ut åtte bøker.

Etter foredraget vert det middagsservering, og denne gang sjølvsagt med biff av kval på menyen. Påmelding for middag. Billett finn du her: Polarkveld og mat