Natt på museet

Natt på museet for born i alderen 10-12 år.
Fredag 3. og laurdag 4. februar 2023 kl. 19.00-22.00 inviterer Ishavsmuseet born i alderen 10 til 12 år (fødde i 2011-2013) til å bli med på å utforske museet med forskjellige aktivitetar.

Vi vil sjå oss rundt i etasjane og ikkje minst på Ishavsskuta Aarvak i mørket.
Film og Quiz (det blir sjølvsagt premie her.)
Det blir også servert “ishavspizza” og brus.
Påmelding for å delta på dette arrangementet. Pris for deltaking er 195 kr. per born. (I denne pris er billett, mat og drikke.)
Påmelding før 30. januar. Avgrensa med plassar, her er det først til mølla….
Send påmelding på mail til: beathe@ishavsmuseet.no
Husk å skriv kva dag de vil delta, og namnet på deltakar.