Polarkveld fredag 11. mars kl. 19.00″Selfangst i nyare tid»

Arild Ulstein som er selfangar og slaktar gjestar Ishavsmuseet med foredrag komande fredag. Han har erfaring med human avliving både på land og på ishavet. Han var som 20 åring førstereis om bord i «Jan Mayen» i 1968 på ein tur der det meste gjekk gale. Dei var ikkje komne langt av land før ein brottsjø gjorde stor skade på skuta. Seinare på turen var dei sakna i fire døgn, og dramatikken følgde dei til etter dei var komne til lands igjen. Denne turen og mange andre turar på ishavet får vi høyre meir om under foredraget hans på Ishavsmuseet fredag 11. mars kl. 19.

Men han fekk ikkje skrekken av denne første dramatiske turen, og totalt vart det seinare 20 turar på selfangst for Arild Ulstein.

Han har såleis lang erfaring som selfangar på skuter som «Polarstar», «Jan Mayen» «Skår Senior», «Polarsirkel», «Harmoni» og fleire. På Ishavsmuseet denne dagen vil han syne bilde og fortelje frå dei fleste av desse turane. Med sin bakgrunn som slaktar dreg han samanlikningar frå avliving av dyr frå slakteriet til ishavets ville is-øyder. Han samanliknar desse to felta og fortel kvifor hakapiken er den mest humane til avliving av sel, og fungerer på same måte som boltepistolen på eit slakteri. Slakting er inga underhaldning, seier Arild, det har det aldri vore på verken land eller is. Men han brenn for selfangstsaka, sel er ein flott ressurs og han er uroa over utviklinga om ikkje selfangsten får fortsette. Mitt i den hardaste seldebatten i førstninga av 1990-talet deltok han i fleire debatt program på fjernsynet grunna sine erfaringar som fangstmann, slaktar og si interesse for selfangsten.

I dag driv Arild Ulstein Ålesund Havfiskesenter.

 Frå gamalt av gjekk skutene til Vesterisen rundt den 10. mars. Etter foredraget til Ulstein vert det «avseilarfest» i museums kafeen med servering av ishavets festmat; Saltkjøt, flesk og erter. Påmelding til Ishavsmuseet for festmat.