Polarkveld med foredrag og boknasild, fredag 20. april kl. 19.00 Fangst og ferie på 80 grader nord

Marit Karlsen Brandal kjem til Ishavsmuseet fredag 20. april med foredrag og bildar frå eit år på Gråhuken.

Marit og Steinulf Smith-Meyer overvintra i ei gamal hytte på Gråhuken nord på Svalbard i 1982-83. Dei pakka utrustning for eit år, og hadde også med seg hunden Rabben.

I mørketida dreiv dei revefangst på tradisjonelt vis, og mesteparten av tida dei var der hadde dei hyppig besøk av isbjørn. I den lysare tida dreiv dei også jakt på sel og beredte selskinn på same måte som eksimoane har gjort det i alle år, og sydde seg klede av selskinn.

Mange besøkande  kom innom hytta deira i den lyse tida, både med båt og helikopter. I foredraget sitt fortel Marit om fleire interessante besøk.

Marit Karlsen Brandal kjem frå Brandal, der ho vaks opp i ein familie som hadde lange ishavstradisjonar. Oldefar til Marit, Peter S. Brandal, var den som utvikla den moderne selfangsten frå Sunnmøre frå 1898 av. Bestefar Martin og far Peter førde dei stolte tradisjonane vidare både med selfangst og arktiske tradisjonar.

I 1978 var Marit med Polarstar på selfangst ved Newfoundland. Marit jobba då som smørjar om bord, men måtte mønstra med tittelen «maskinpike», fordi ho var jente. Marit hadde alt då fått seg erfaring frå ekspedisjonar med Norsk Polarinstitutt til Svalbard mellom anna på isbjørnmerking, og alt i 1973 fekk ho masa seg til ein plass i mannskapet på Polarbjørn på ekspedisjonstur til Jan Mayen.

I 2017 kom Marit ut med boka Gråhuken, Fangst og ferie på 80 grader nord, og det er denne boka som dannar bakteppe for foredraget til Marit på Ishavsmuseet denne fredagen. I boka si tek Marit oss med på overvintringa og delar både skjemt og alvor med lesarane på ein fin måte.

Det var den kjende fangstmannen Hilmar Nøis som bygde hytta som Marit og Steinulf nytta seg av, i 1928.

Etter foredraget til Marit vert det som vanleg servert middag i museumskafeen, og denne gangen er det boknasild og mjølkesupe med godt tilbehøyr som står på menyen. Påmelding for middag.