Polarkveld med foredrag og «torskemølje» fredag 15. mars kl. 19.00:

«Mot Sydpolen i Amundsens spor»

Jan Sverre Sivertsen (Sivert) gjestar Ishavsmuseet med foredrag, foto, film og formidling komande fredag. Sivertsen gjennomførte i 2017/2018 ein ekspedisjon der han og makker Astrid Furholt følgde Roald Amundsens originale Sydpolrute frå 1911.

Sivert og makkeren la i veg på den 1400 km lange ferda på verdens høgaste, kaldaste og mest forblåste kontinent. Han ville hjelpe første kvinne å gå ruta. På Ishavsmuseet denne fredagen får du høyre Siverts eigen beretning om ein historisk ekspedisjon, uvêret som endra planane undervegs, tankane når det røynde på som verst, kapplaupet mot tida og dei vanvettige naturopplevingane som sto i sterk kontrast til dagane der alt verka håplaust. Bilde, film og glimt i auget gjer dette til et foredrag for alle!

Har budd på Svalbard i 12 år. Sivert er ein kar som har vore mykje ute i kulde, snø og is. Han har budd på Svalbard i 12 år der han har bakgrunn som både guide og konsernsjef, (Spitsbergen Travel), som assisterande direktør og reiselivsansvarleg i Innovasjon Norge, leder av konsulentselskap og fleire år som sjølvstendig rådgjevar. Sivert nyttar seg av ei kvar anledning til å kome seg ut på tur sjølv, og har vore både på Sydpolen, på kryss og tvers på Svalbard og i Noregs nasjonalparkar. Han er autorisert Svalbardguide og har vore aktiv i redningstenesta på øygruppa.

Ekte, ærleg og personleg er stikkord for Siverts fascinerande foredrag om ein imponerande ekspedisjon til Sydpolen! Han er ein strålande historieforteljar, og byr på seg sjølv når han tar oss med på sin krevjande ekspedisjon til Sydpolen.

I 2011 var også Sivertsen deltakar på ein ekspedisjon til Sydpolen der 6 utvalde kitet dei siste 220 km inn mot polpunktet, og deltok på 100-årsjubileet for Amundsens ferd til Sydpolen i 1911.

Etter foredraget til Sivert vert det «torske-mølje» på Ishavsmuseet med fersk torsk, fiskesupe, lever og rogn. Påmelding til museet for middag.