Polarkveld med Samuel Massie på Ishavsmuseet

Samuel Massie kjem til Ishavsmuseet med føredrag fredag 20. mars kl. 19.00. Samuel fortel om livet sitt og turen med Berserk. Samuel Massie drog frå eit liv som skuletapar i Bergen og reiste med Jarle Andhøy på den skjebnesvangre ekspedisjonen til Antarktis. Skuta «Berserk» forsvann 22. februar 2011, og året etter returnerte dei for om mulig å finne spor etter sine kameratar. Målet, før alt gjekk gale, var å plante det norske flagg på Sydpolen. Dei ville heidre Roald Amundsen 100 år etterpå. Bergenseren var aldri i tvil om han skulle bli med Jarle Andhøy attende til Antarktis for å leite etter «Berserk».

Tre veker skulle turen ta. Dagen før dei seglar ut, skriv Samuel eit testament. Han har ikkje mange eignelutar, men i staden skriv han nokre ord til kvar og ein i familien. Til bestefaren, foreldra og sine brør.

Alle skal med, heiter det så fint i Noreg. Men i møte med skulen mista Samuel Massie all glød og sjølvtillit.

Som 16-åring skulka Samuel oftare enn han var på skulen, og kom i politiet sitt søkelys. Først då mor hans gjekk bak ryggen på han og sende inn søknad til Folkehøgskulen 69 grader nord, vart livet hans snudd opp ned. Dette skulle verte tidspunktet da Samuel Massie slutta å vere ein drittunge, og han fann ut at livets vendepunkt kan kome overraskande. For Samuel Massie kom det ei vinternatt, gråtande, iskald og utan sjølvtillit då han måtte gjere opp eld i sitt første bål.

Redninga vart dette året på folkehøgskule og ikkje minst møtet med Jarle Andhøy. To år seinare står han til rors på seglbåten «Berserk» med kurs for Sydpolen. Då skuta og tre av kameratane forsvann, vart livet snudd på hovudet for 18-åringen.

Han er aktuell med boka «Hold fast». Dette er Samuels eiga historie om korleis han fekk att trua på seg sjølv og eige liv. Bodskapen hans er enkel: Kan eg få det til, så kan alle.

Samuel er no aktuell i tv-serien «Jakten på Berserk» på TVNorge. Han er også i gang med fleire andre tv-seriar. Tidlegare har vi sett han i TV-seriane Sjøsprøyt (NRK), Tangeruddampen og Berserk mot Sydpolen (TVNorge). På Ishavsmuseet vil Samuel fortelje og vise film frå desse ekspedisjonane, og naturlegvis fortelje frå boka si «Hold fast» som det også er mogleg å kjøpe å få signert etter foredraget.

Samuel fortel at han aldri var i tvil om å takke ja til Ishavsmuseet då førespurnaden om foredrag kom. Han fortel at han har høyrt mykje spanande om museet frå sin skipper Jarle Andhøy og tidligare Berserk-medlem Alex Rosèn som begge har gjesta museet med føredrag. No gler Messie seg til å få kome til Brandal. Han seier også at han med føredraget sitt ønsker å inspirere andre til å ta eit oppgjer med seg sjølv, sette seg klare mål, og ikkje minst gjennomføre dei.

Etter føredraget byr Ishavsmuseet på ishavskost til middag i kafeen med saltkjøt, flesk og erter. Det er førehandssal av billettar til arrangementet for dei som vil vere sikre på å få plass. Billett kan du kjøpe på www.sjoborg.no og i resepsjonen på Ishavsmuseet.