Polarkveld om Ellsworth-ekspedisjonane
Ny Polarkveld på Ishavsmuseet:
Ellsworth-ekspedisjonane
Til årets første polarkveld på Ishavsmuseet 23. januar får Ishavsmuseet vitjing av Kenneth Staurset Fåne som vil fortelje om Ellsworth-ekspedisjonane i Antarktis.
«Ellsworth Trans-Antarctic Flight Expedition» var namnet på fire polarekspedisjonar til Antarktis. Det var den styrtrike amerikanaren Lincoln Ellsworth og den australske polarforskaren sir Hubert Wilkins som stod i bresjen for dette. Ellsworth og Wilkins hadde eit ønskje om å vere med på eit forsøk på å flyge over Sydpollandet frå kyst til kyst som dei første nokosinne.
Planen var å kartlegge isøydets til då ukjente landskap og få svar på om sydpollandet var eit stort kontinent eller delt opp i fleire, med fjordarmar mellom. For Ellsworth og Wilkins låg det også mykje ære og berømmelse i dette, men det mange ikkje veit er at det var med 29 nordmenn fordelt på desse fire ekspedisjonane, og mange av dei kom frå Sunnmøre. Ekspedisjonsskipet dei nytta seg av heite «Fanefjord», i 1933 omdøypt til «Wyatt Earp», eigd av Wyatt Earp A/S Ltd, med Axel Holm, Ålesund og Lincoln Ellsworth. Skuta var heimehøyrande i Ålesund.
Foredragsholdar Kenneth Staurset Fåne, leder av Romsdal sogelag og konservator ved Romsdalsmuseet, tek for seg ekspedisjonane frå 1933 til 1939. Han har sidan 2018 samla inn mykje stoff om temaet og spesifikt om Ellsworth-ekspedisjonane. Eit fokus i foredraget er å vise kven mannskapa ombord var, men også korleis det gjekk med desse ekspedisjonane.
Foredraget varer ca. ein time, og i kjend stil vert det middagsservering på museet etter foredraget. Denne gong med konfitert andelår med godt tilbehøyr på menyen og panacotta til dessert. Påmelding for middag.


