Polarkveld om Herøyfjord på Ishavsmuseet 26. januar

19 timar på båtdekket i 45 graders slagside. Budd på døden, men håpa på berging.

Fredag 26. januar kl. 19.00 startar ein ny sesong med polarkveldar på Ishavsmuseet, og denne gong er Johannes Bjarne Alme tilbake med nytt spanande drama. Alme tek for seg den dramatiske historia om forliset til ishavsskuta «Herøyfjord» vest av Runde i 1949. «Herøyfjord» hadde også med mannskapet på «Polarbjørn» heim frå isen.

Under selfangst på Newfoundlandsfeltet får «Polarbjørn» brann i maskinrommet. Mannskapet, under leiing av skipper Henrik Marø, må etter kvart over til den canadiske selfangaren «Illinois», med skipper Harald Marø (bror til Henrik).

Dei blir seinare overført til ishavsskuta «Herøyfjord» som var lasta med 20 000 dyr og på heimveg. Lasten forskyv seg ved Kap Farvel, og 2000 selskinn vert kasta på havet for å lette skuta, og nye avstivingar vert sett opp i lasterommet.

Skuta ligg tungt i sjøen med den store lasten, og må fleire gongar på turen austover ligge på vêret.

Når skuta er om lag 70 nautiske mil nordvest av Runde, legg skuta seg vekk og vert liggande med sterk slagside.

Frå skuta la seg over med 45-47 graders slagside, var det berre på brua og i bestikken folk kunne opphalde seg innandørs. Dei fleste av dei 66 mennene om bord, oppheld seg på det våte, glatte og kalde akterdekket, med korte turar inn for å varme seg litt. Skuta la seg vekk i sjutida om morgonen, og dei fleste vart berga i 2-3 tida om natta. Det var lange og tøffe timar for dei 66 om bord som var budd på drukningsdøden men håpa på berging.

«Flemsøy» og «Brandal», på veg heim frå selfangst i Vesterisen, kjem etter kvart til. Med mot og godt sjømannskap vert dei to skutemannskapa om bord «Herøyfjord» berga. Nokre av dei vart dregne gjennom sjøane med line, andre klarte å berge seg i fangstbåtane. Det vart utvist ein bergingsdåd utanom det vanlege på havet denne dagen. Mannskapet på «Polarbjørn» forliste to gongar på same tur!

Det vart sidan teke slepar på «Herøyfjord», men etter kort tids slep la den seg over og forliste.

Langs heile kysten hadde folk vore oppe og høyrt på dramaet over radioen om natta. Då «Flemsøy» og «Brandal» kom inn til Ålesund er det fullt av folk som vil ta i mot og hylle dei for redningsaksjonen. Dei to skutene låg med baugen fram i land. På kaiene og i gatene var det fullt av folk, det var som 17. mai og frigjeringa i 1945 vart det sagt.

Ta turen til Ishavsmuseet så får du høyre heile den dramatiske historia. Ei historie som enda godt, men som også kunna fått ein katastrofalt slutt.

Foredragshaldar og forfattar Johannes Bjarne Alme skulle vere kjent for dei fleste, og har tidlegare imponert med sine detaljkunnskapar om emna han presentera. Oppvaksen i ishavsbygda Brandal har han heile livet interessert seg for ishavshistorie.

Kvelden vert som vanleg avslutta med middag for dei som ønskjer dette, og denne gong er det klippfisk med godt tilbehøyr på menyen. Billett foredrag og middag kr. 350,- her: https://www.ishavsmuseet.no/produkt/polarkveld-pa-ishavsmuseet-26-januar/

Kun foredrag kr. 150,-