Polarkveld på Ishavsmuseet 29. januar: Ny-Ålesund – frå gruveby til forskingsbase

Per Kyrre Reymert gjestar Ishavsmuseet med foredrag om Ny-Ålesund fredag 29. januar kl. 19. Han vil ta oss med 100 år tilbake i tid, og startar foredraget sitt frå den gong staden bar namnet Brandal City.

I 2016 er det 100 år sidan Peter S. Brandal fekk tilbod om å kjøpe rettigheitene til kolfeltet i Kings Bay. På forsommaren 1916 sendte han dei to skutene sine «Signalhorn» og «Polaris» på ekspedisjon for å undersøkje feltet nærare. Dei kom attende til Brandal i byrjinga av september med 300 tonn prima kol. Peter S. Brandal fekk overført rettigheitene i september 1916 for kr. 250.000,- Seinare same år gjekk han i kompaniskap med Trygve Klausen, Michael Knutsen og Trygve Jervell om danninga av Kings Bay Kull Comp. A/S

Per Kyrre Reymert vil drage historia frå denne tida, om oppturar og nedturar i gruvesamfunnet, til dagens moderne forskingsbase.

Reymert er arkeolog, historikar, forfattar og formidlar. Han har studert, forska og formidla Svalbard si historie i 40 år. Første gong han kom til Svalbard for 40 år sidan var oppdraget hans å vurdere om det gamle grisehuset kunne bli museum. Slik vart det, og det vart også starten på Svalbard Museum. Det var om lag samstundes med at Svalbard fekk si første forskrift for vern av kulturminner. Det var også dette som etterkvart førte til at han sette i gang med dokumentasjon og formidling av historia på Svalbard.

I 2014 fekk Reymert Longyearbyen sin kulturpris for dette arbeidet.

For kort tid sidan kom eit storverk om fangsthyttene på Svalbard. Medforfattar var arkeologen og historieformidlaren Per Kyrre Reymert. Oppslagsverket er på over 700 sider, der 317 lokalitetar med fangsthytter frå 1794 og fram til i dag er omtalt. Reymert har også forfatta hefte «Longyearbyen, Fra company town til moderne by». Han har vore kulturminnerådgjevar hjå Sysselmannen på Svalbard og vikariert som formidlingsleiar ved Svalbard Museum.

Fredag 29. januar kjem han altså til Brandal og vil formidle historia om Ny-Ålesund til oss. Ishavsmuseet vil markere 100 års jubileet ved ulike høve i 2016. Statuen av Kings Bay grunnleggar og ishavsreiar Peter S. Brandal skal avdukast ved museet i september.

Etter foredraget til Reymert på Ishavsmuseet vert det servert klippfisk med alt av godt tilbehør i museumskafeen. Påmelding ved middag.