Rekordstor julemesse på Ishavsmuseet

Komande helg, laurdag 15. og søndag 16. november, er det klart for årets julemesse ved Ishavsmuseet på Brandal. Messa i år er heilt fullteikna, og heile 40 utstillarar er på plass med standar blant isbjørn og moskus, over fire etasjar på Ishavsmuseet, og kring ishavsskuta Aarvak.

Ishavsmuseet Aarvak og arbeidsnemnda for julemessa er stolte av å kunne by inn til ny julemesse ved Ishavsmuseet. Eit aldri så lite jubileum er det også, då messe i år vert arrangert for femte gong. Messa på Ishavsmuseet byr på mange spanande utstillarar i alle museets etasjar. Siste åra har julemessa ved Ishavsmuseet vorte meir og meir populær, og stor pågang av utstillarar gjere at i år er også Aarvakhuset teke i bruk. Her vil de finne mykje god mat av både kjøt og fisk, saft, sylte og honning. Frå dekket på ishavsskuta Aarvak kan du mellom anna sikre deg dei flottaste biffane av kvalkjøt.

Mat, kunst- og handtverk

Messa på Ishavsmuseet er ei mat, kunst- og handverksmesse der ein legg vekt på det særeigne ved handarbeidet. Alle utstillarane deltek med naturlege og handlaga produkt. Arrangørane legg opp til at messa skal vere mest mogleg variert, og dette syner godt igjen blant dei mange ulike påmelde utstillarane i år.

Ikkje berre kan du gjere ein unik og flott julehandel med alle desse spanande utstillarane, men du kan også kike deg rundt i dei flotte utstillingane som Ishavsmuseet byd fram. I museet si fjerde etasje kan du vitje standen til Ishavsmuseets Venneforeining for ein ishavsprat i sofakroken. Her vil det gå ein ishavsfilm eller to på skjermane kontinuerlig, og du vil også finne ishavsforfattar Johannes Alme som vil vere på plass og signere boka si «Ishavsfolk si erfaring». I etasjen under finn de May Britt Haukås som også sel og signerer bøker.

Skulle du trenge eit avbrekk i handelen vil museet by på både bacalao, kjøtkaker, og andre smårettar, i tillegg til kaffi og kaker.

I museets første etasje vil du også finne Polarshopen ved museet som byd på ei av dei største samlingane polarlitteratur i landet.

Utstillarane på årets julemesse kjem frå mange kommunar og regionar, og i det høve kan det vere ekstra spanande og vitje messa i år.

Her kan du sikre deg mykje fint handarbeid som strikk, smykke, kaker, lefser, quilting, bøker, tre-arbeid, handlaga knivar, skinn av både sau og hjort, rakfisk, keramikk, glaskunst, akvarellar og mange andre artiklar.

Du kan få deg kvalkjøt frå Myklebust hvalprodukter, honning frå Birøktarlaget, røyka fisk og kjøt frå Sunnmøre Røykeri, og kjøt til jul frå Hole kjøtt. Frukt, saft, sylte og klippfisk finn du også i Aarvakhuset.

Legg eit besøk til Brandal desse dagane og sjå kva alle desse utstillarane har å by på. Her skulle ein finne noko for ein kvar smak, anten du jaktar julegåver, eller vil unne deg sjølv noko nytt.

Hjarteleg velkomne!