På forsøksfangst i Weddelhavet med m/s «Polarhav»

På forsøksfangst etter Crabeater-sel i Weddelhavet med m/s «Polarhav» i 1964
Av skipper Sigmund Bøe

Vi hadde gjort vår årlege fangsttur til Newfoundlandsfeltet med svært godt resultat. Vi hadde med helikopter på denne turen, og det var til god hjelp under fangstinga. Reiarane våre, Rieber og Karlsen, hadde ei tid arbeidd med planer om ein prøvetur til Antarktis for å undersøke om det var mogeleg å drive selfangst der på lønsam basis. No tok dei dette opp att for alvor, men dei møtte lite samarbeidsvilje frå dei ymse autoritetar. Der var vel litt storpolitikk inne i bildet, då Norge hadde vore med og sett opp traktatar og avtalar vedrørande utnytting av naturressursar i Antarktis, og stort sett var det forbod mot all næringsverksemd i sjølve Antarktis.

Det som vi var ute etter, var å finne ut om der var drivverdige samlingar av Crabeater-sel, særleg var det kastestader og ungane vi var interessert i. Denne selarten heldt seg ute i drivisen, oftast i oppbroten is ut mot kanten av isbeltet i motsetnad til andre selartar, som alle heldt seg nær eller på land. Vi fekk løyve til å fange Crabeaters ute i drivisen, men noko slag tilskot til prøvedrift, som det vart søkt om, fekk vi ikkje, det vart blankt avslag. Heller ikkje kunne vi kome inn under minstelottordninga, so alt vart heilt og fullt reiarlaget sitt ansvar og risiko.
– På denne tid hadde Norge slutta å drive kvalfangst i Antarktis, det var berre Japan som framleis dreiv på med fangst, både frå kokeri og frå landstasjon på Syd-Georgia. Vi visste ikkje so mykje om dette, og vi rekna med at på denne tid av året ville vi vere åleine båt innafor eit område på tusenvis av mil. Derfor førebudde vi oss so godt vi kunne på alle tenkelege vis med tanke på kva som evt. kunne møte oss på turen. Eg for min del studerte og las gjennom alt som var tilgjengeleg av opplysningar om ver- og isforhold og om dyreliv i sjøen og på isen og på

«Polarhav» ved Newfoundland 1964 med helikopter på akterdekk. Foto frå Bjarne Harald Brobakk.

land. Det var ikkje so mange stader ein kunne finne slike opplysningar når alt kom til alt. Mest fann eg i British Admiralty «Antarctic Pilot» og dessutan hadde eg eit hydrografisk atlas frå U.S Hydrografic Office som eg hadde fått av ein amerikansk offiser som hadde vore med som observatør på ein tidlegare tur. Det gav nok det nyaste og beste som fanst av opplysning om is, ver, havstraumar og andre forhold til dei forskjellige årstider. Vi hadde før vore tre turar til Antarktis og brote oss gjenom pakkisen inn til land, men det var om sommaren i desember-januar.
No var det vinter eller tidleg vår der i syd, so vi rekna med barskare ver- og isforhold og lavare temperaturar. – Eg hadde bedt om å få ny radar til turen, og det var for so vidt innvilga, men so vart det bestemt at den gamle RCA-radaren skulle få ei grundig fabrikkoverhaling i staden, og det vart gjort. Ein teknikar vart til slutt med på turen frå Ålesund til Bergen for å finjustere den og den verka svært fint, men det var likevel ein tre-cm billeg type som vi var lite nøgde med når det var dårleg ver i isfarvatn.

I Bergen tok vi ombord helikopter med flygar og mekanikar, og dessutan marinbiolog Torgeir Ørritsland, som skulle vere med og granske dyrelivet i isen.
Det var ordna slik at vi skulle få komplettere med bunkers og proviant i Montevideo, og ei siste etterfylling av bunkers i Port Stanley på Falklandsøyane. Der skulle vi og montere opp helikopteret på plattforma og prøvekøyre det.
Vi gjekk frå Bergen 18. juli og kom til Montevideo 12. august. Alt etter kort tid i sjøen fekk vi trøbbel med radaren. I Montevideo fekk vi tak i ein fagmann, ein tysker som hadde jobba på RCA-fabrikken i USA, men han klarte ikkje å finne feilen, so vi måtte gå utan å få den i orden. Den var ikkje heilt ubrukbar, men verka ikkje på korte avstandar.
Vi fekk ny forsyning med bunkers og proviant. Stuerten vår fekk hjerteinfarkt i sjøen og vart no innlagt på sykehus, og seinare heimsend. Kokken tok over som stuert. Ein motormann rømde frå båten og kom ikkje ombord att. Han vart og heimsend seinare.Vi gjekk til sjøs att 16. august. Til Port Stanley kom vi 20. august, og gjekk derifrå den 22de. Medan vi låg der, monterte vi opp helikopteret og fekk det plassert bak på plattforma, og det vart gjort fleire prøveturar. Alt verka fint. Vi fekk toppa bunkerstankane før vi gjekk ut. Avtalte med Falkland Radio om utveksling av vermeldingar.
25. august kom vi i is. Veret var fint og temperaturen litt under null. Posisjon S.5920 V.5311.

Frå no av låg vi på leiting kvar enda dag frå morgon til kveld so sant veret var til det. Det galdt fyrst og fremst å finne sel, men like viktig var det å finne is som vi kunne tenke oss at selen ville ta god nok til kasteplass for ungane. Vi kunne berre samanlikne med isforhold slik det var på Newfoundlandsfeltet og selen sine vanar der, men Crabeateren sine vanar visste vi ingenting om.
Vi visste at der hadde vore drive selfangst i stor stil i Antarktis på 1800-talet, men det var fyrst og fremst pelsselen dei då var ute etter, og den vart so hardt beskatta at den praktisk talt var utrydda. No var stamma likevel i vekst att etter å ha vore totalfreda i lange tider. Der hadde vore fanga sjøelefant og, men den var vel litt mindre ettertrakta, då berre spekket hadde verdi. For båe disse artene foregjekk fangsten på strendene på øyane.
Om fangst av Crabeaters i pakkisen fann vi ingen meldingar eller opplysningar. Kanskje kunne det tyde på at den ikkje hadde for vane å samle seg i store flokkar? Dette kunne for so vidt stemme med det vi før hadde sett på våre turar gjenom pakkisen. Der kunne vere ein heil del sel spreidd utover isen, men aldri nokon samling.


Når vi no tok til med leiting, fann vi fort ut at der var ikkje so lite sel tilstades i isen. På godeversdagar kunne der legge seg opp nokså mange, men aldri i samla flokk. Av hoselar som vi skaut som hadde unge i seg såg vi at det enno var for tidleg for kasting. Vi hadde fått opplyst at kastetida ville vere ca. i månadskiftet august/september, men vi kunne nokså fort slå fast at dette var omlag ein månad for tidleg.
Vi arbeidde oss fyrst innover i sydleg retning, tenkte vi skulle undersøkje i fastare og solidare is. Vi pressa oss ca. 60 mil inn gjennom baksen, og etter kvart gjekk det over til svær, fleirårig Weddelhavsis, som vi fann det rettast berre å kome oss ut av, det var og merkbart at det vart meir og meir livlaust til lenger inn vi kom, til slutt såg vi ikkje att eit einaste dyr. Vi måtte heile tida ha i tankane at vi ikkje skulle ta unødige sjansar, då vi var heilt åleine i eit område på fleire tusen mil.

Polarhav 1964

Etter det eg hadde lese og funne ut om Weddelhavet, so er det eit hav ein bør ha all muleg respekt for. Det er eit område med svær is, ustabile straumsetningar og dertil mykje dårleg ver. Ein kan verte liggande i ei bakevje der isen knapt rører seg i vikevis, men like gjerne kan ein kome inn i eit straumområde som set den svære isen i fart, so den knuser alt som kjem i vegen.
Vi snudde nordover mot iskanten, og so snart vi tok til å merke svak dønning, so var der og sel att. Etter nokre streiftokt i aust og vest fann vi at eit område nord-ost av South Orkneys såg mest lovande ut, og vi heldt oss då for det meste der omkring, men tok ellers avstikkarar både i aust og vest for å fylgje med om der vart endringar.

Vi hadde nokre få eksemplar av alle selartar som fanst i Antarktis. Foto frå Sigmund Bøe

I midten av september gjorde vi ei nokså lang runde vestover, tenkte vi skulle sjå korleis isforholda var når vi kom forbi Elephant Island opp for nordenden av Palmers Peninsula. Det synte seg at her var for det meste stor, stygg is og at den stadige vestavinden heldt den tettpakka med strak kant. Der var heller ikkje sel å sjå, til lenger vest vi kom til meir livlaust vart der, so vi snudde tilbake til området vi hadde kryssa i før.
Den fyrste tida var det vinterver, frå 5-6 til 12-14 kulde- grader og vekslande vindforhold, men vindretninga heldt seg nokso stødig omkring vestnordvest jamnt over med kulings styrke. Etter kvart vart det mildare ver med temperaturar litt under og litt over null. Det var mykje nedbør, regn, sludd og snø, jamnt over dårleg sikt. For helikopterflyging var det so ulagleg som det kunne vere. Berre nokre få dagar var det so pass sikt at det var brukbart. Dei gongane helikopteret var ute såg dei nok litt sel, men aldri samla i flokkar.
Framover mot månadskiftet september/oktober vart veret heller dårlegare, mykje nedbør med dårleg sikt, vinden stadig frå vestleg kant, oftast av kulings styrke, av og til storm.
Vi meinte å forstå at kastesesongen for selen no ikkje var langt unna. Hoselane vi skaut hadde fått mjølk, og ungane var sovidt vi kunne sjå fullt utvikla, so vi meinte kastinga kunne ta til når som helst. Omkring månadskiftet byrja den svære isbaksen som vi hadde arbeitt i å drive til havs og gå i oppløysing på grunn av den sterke langvarige vestavinden. Der som vi hadde vona at selen skulle finne lagleg is til kasting, var der snart ikkje brukbar is att, og vi måtte dra på leiting etter nye felt med brukbar is. Det synte seg å ikkje vere so lett å finne. Vi gjekk sørover mot isbaksen, men over alt møtte vi tettpakka stor, stygg is med mykje sørpe mellom. Vi gjekk vestover langs kanten, tenkte vi kanskje kunne finne betre is om vi kom litt i le av øyane nord for Palmers Peninsula. Det bles kuling heile tida og utfor kanten var det mengder av store blåisar og små isfjell, som det var svært vanskeleg å sjå og halde seg klar av om natta.

11. oktober bles det sterk kuling og der var fullt opp av småfjell og storisar over alt. Vi kika om vi kunne finne eit godt sørpebelte i kanten, so vi kunne smette oss inn og ligge stille om natta. Vi fann ein stad som såg bra ut og gjekk litt innfor kanten og la stilt, men med maskina igang. Her låg vi roleg og godt, kom vi for nær ein storis, so gjekk vi berre unna litt og stoppa att. Det var svær dønning i kanten.

Kl. 05 den 12te gjekk vi litt vekk frå ein blåis som kom vel nær. Kl. 0630 gjekk eg i tønna for å gå ut av isen og fortsette vestover. Det heldt no på og lysne av dag og eg såg straks at iskanten var lenger vekk enn den hadde vore om kvelden. Dønningen hadde likevel vakse på og gjekk svært tung.

Eg ga full fart, men skuta låg dønn fast, seig ikkje fram i det heile teke. Med den svære dønningen som gjekk kunne eg knapt tru det.

Dette var forsovidt ein situasjon vi var vel kjent med frå isen ved Labrador. Når der var tett, strak kant, hende det ofte at vi gjekk inn og la oss i ein sørpekant for å få det roleg, men av erfaring visste vi at ein lett kunne verte lurt og bli liggande fast om ein ikkje passa nøye på. Vi gjekk aldri lenger inn enn at vi hadde god dønning, og det var fast regel at ein snudde skuta mot dønningen og kanten. Merka ein då at dønningen tok til å minke av, so gjekk ein straks ut mot kanten, enten heilt ut eller til ein fekk god dønning att.

Det som hende her var igrunnen heilt uforklarleg. Sjølv om vinden var kraftig, so stod den ikkje rett mot iskanten, men halvt langs kanten. Heller ikkje var der land i le som heldt imot ispresset. At den småmalne isen og sørpa kunne verte so tettpakka at vi ikkje klarte å røre på oss so mykje som ein tomme når dønningen gjekk so kraftig, ja det var rett og slett heilt utruleg. Dønningen berre auka på og presset vart hardare og hardare.
Etter kvart vart skuta liggande på tvers av dønningen og på kvar dønning vart ho slengt (pressa) 10-15 meter sidevegs gjenom isen utan at ein derfor kunne sjå det minste tekn til blåstriper i sørpa på nokor side. Det var voldsom påkjenning på skroget, men eg var ikkje so redd for det, det var som vanleg i slike høve ror og propell vi var mest redd for. Vi heldt propellen gåande for å prøve å halde isen litt vekk frå roret, men det nytta ikkje. Isen var so hardt pakka at sjølv på full fart såg vi ikkje minste antydning til propellvatn. Roret vart pressa frå borde til borde kvar gong skuta vart slengt sidevegs i isen, sikkerheitsventilen på styremaskina hylte som ein stukken gris. Ein gong fekk vi eit lite blåflak under hekken som låg og daska mot roret, og no såg det skikkeleg vonlaust ut, men vi fekk sprengt det i småbitar med dynamitt til slutt.

Når dønningane song til som verst hende det at dørkplatene i maskinrommet spratt opp og dekk og dekksbjelkar fjøra so det var lett synleg. Påkjenninga var kolossal, men det var likevel ikkje det vi var redd for, vi visste at skuta var solid. Men rett i le av oss og heilt nær låg der eit lite isfjell som sakte, men sikkert nærma seg etter kvart som isen pakka seg endå meir.Kor vi peilte og sikta so ville ikkje retninga forandre seg, og det var berre eit spørsmål om kort tid før vi ville få det rett inn i sida dersom tilhøva ikkje endra seg. Når det skjedde ville skuta vere ferdig i løpet av minuttar, det var der ingen tvil om.

13. oktober var situasjonen svært prekær heile døgnet. Om natta auka vinden på til sterk storm frå V N V, og dønningen fekk ei voldsom kraft. Skuta fekk ei juling som ikkje let seg beskrive. To gonger fekk vi med store vanskar sprengt sund flak som daska under styrbords låring og truga ror og propell. Isfjellet i le åt seg stadig nærmare, men det gjekk ikkje fort, avstanden var no ca. 20 meter når skuta song til på dønningane. Det var heilt klart at dersom ikkje veret endra seg til det betre med det aller fyrste, so ville vi aldri få med oss skuta ut herfrå. På morgonsida vart alle mann purra for å gjere seg klar til å gå på isen om nødvendig. Utetter dagen gjorde vi klart alt vi kunne tenkje oss av overlevingsutstyr.
To fangstbåtar vart gjort klar so dei kunne lårast på eit øyeblikks varsel. Det var ikkje mange flate solide flak å finne, då nesten all is var malen opp til sørpe og knulter, men vi var heldige og fann eit nokso stort og solid flak ca. 100 meter frå skuta, og dette rekna vi med å bruke som landingsplass for helikopteret. Dit jolla vi 8 fat flybensin og diverse anna utstyr, og helikopteret stod oppvarma og startklar på plattforma. Vi var 25-30 mil av næraste land på South Orkneys, og vi vona at vi skulle kunne ta oss inn dit med helikopteret om skuta gjekk ned. I Antarctic Pilot fann vi opplyst at der var ein nedlagt meteorologisk stasjon der og at der skulle vere eit nøddepot der, so vi kunne berre vone at det heldt stikk, for det var visst av gamal dato.

For meg var denne dagen det verste dilemma nokon sinne i mine 25-30 år som skipper. Spørsmålet var om eg skulle slå alarm og prøve å tilkalle hjelp medan vi hadde mulegheit for radio-kontakt. Eg skjønte at slik tilhøva var no, so ville alt ombord vere ute av funksjon so snart vi kom i direkte berøring med isfjellet, so då ville det vere for seint. På same vis med helikopteret, det stod startklart på plattforma, og vi måtte passe på å få det vekk før vi kom i kontakt med isfjellet, for då ville det bli slengt veggimellom. Heller ikkje måtte vi ta av for tidleg, for det var sterkt avhengig av straumkjelda ombord i båten. Var det fyrst kome på isen, so måtte det haldast gåande, slik at det ikkje vart kaldt. Vi konfererte med flygar og mekanikar, og dei meinte transporten tillands skulle gå fint.

Eg var likevel noko uroleg, so mangt kunne skje undervegs, ein måtte flyge 9-10 turar for å få med alle tillands, det var spørsmål om sikt, der kunne oppstå tekniske vanskar, når skuta var vekk hadde ein ikkje so mykje å hjelpe seg med i so fall. Noko anna eg tenkte på var drifta av isen.Til mi store undring hadde det vore svært lite drift i isen disse dagane vi hadde lege fast, med den sterke vinden vi hadde er det vanskeleg å forstå kvifor. Det eg no var redd for var at isen skulle kome i normal drift og då kunne avstanden til lands snart verte både dobla og tredobla. Alt dette var imidlertid slikt vi ikkje kunne gjere noko med, det måtte berre stå si prøve.

Vi hadde dagleg radiosamband med Falkland Radio for utveksling av verrapportar, det hadde vi denne dagen og, og no fekk eg stasjonssjefen på telefonen og sette han nøyje inn i vår tvil- somme situasjon. Eg sa rett ut at eg hadde svært lite tru på at vi berga skuta, eg forklarte han nøye om våre evakueringsplanar, eg bad han undersøke på ein diskret måte om der var andre farty i dette området, men for all del ikkje la noko kome ut offentleg om situasjonen før han evt. mista all kontakt med oss.

Eg visste berre altfor godt kva røre det ville verte om aviser og radio fekk snusen i tilstanden, men på same tid måtte ein fyrst og fremst ta omsyn til best mogeleg sikring av mannskapet på 25 mann.

Vi hadde og kontakt på mellombølge med verstasjonen på Signy Island, omlag 50 mil i NV av oss. Denne stasjonen vona vi kanskje å kunne nå på livbåtradioen om nødvendig. – Falkland Radio kom inn seinare og kunne fortelje at der låg 12 japanske kvalbåtar sjøklar på Syd Georgia, alle 16 knops båtar, det var då ei gledeleg melding for oss.
Utetter kvelden og natta løya vinden litt og dønningen la seg og litt. Avstanden til isfjellet heldt seg konstant, og ut på natta klarte vi å baue ei skutelengd framover so vi fekk litt større avstand til fjellet. – Utetter dagen den 14de auka dønningen på att noko, og vi låg dønn fast att.
Den 15de kom vi 5-6 skutelengder fram, og vi rekna no med at vi skulle kome oss ut av klemma. – I dagane framover baua vi alt vi kunne mot kanten, men det var lite vi kom fram. Isen i kanten vart stadig omstokka, stundom var kanten so nær som 2 mil, til andre tider var den 4-5 mil vekk.
Den 17de flaug helikopteret ei runde på vel 100 mil. Såg berre stor, stygg is og nokre enkle selar her og der ut mot iskanten. Der var ingen ungar å sjå.

Den 18de oppdaga vi at roret hadde fått skade, rorstammen var sannsynlegvis noko vridd, kanskje omkring 10 grader.
Den 22de klarte vi endeleg å slå oss gjennom til ope vatn.
Eg hadde fundert nokso mykje over kva som kunne vere årsak til den issituasjonen vi hadde hatt i denne tida vi hadde lege fast. Vi var ikkje uvante med tettpakka sørpekantar frå Newfoundlandsfeltet når det var mykje nordostleg vind, men noko som kom halvvegs opp mot dette hadde vi aldri sett. Berre ein gong hadde vi hatt noko som likna, men på langt nær so hardt. Det var på fyrste turen med ”Polarhav”, vi låg i fangst utfor Labradorkysten ca. 30 mil av land då vi fekk ein kraftig nordoststorm. Isen kom på drift sørover, og den isen vi låg i vart pressa ned mellom Belle Isle og Labradorlandet. Det var svær dønning, og der vart eit voldsomt press på isen, som vart malen opp til sørpe og knulter med ein og annen blåisen innimellom. Då hende det og at vi vart liggande dønn fast, sjølv om dønningen var kraftig. Det var likevel ikkje halvt so hardt som det vi her hadde fått prøve. Det var vanskeleg å forstå kvifor isen kunne pakke seg so utruleg tett her som det ikkje var land som heldt imot. Einaste forklaringa eg kan finne er at der måtte vere ein kraftig straum som sette opp mot vindretninga, og det kan vel for so vidt stemme med det at vi forandra svært lite posisjon i den tida vi låg fast. Men so var det det at vinden i grunnen ikkje stod mot iskanten, men helst skrått langs kanten, og på syd breidde skulle isen drive 30- 40 grader til venstre for vindretninga, som var vest og VNV heile tida. Det skulle tilseie isdrift i nordost eller ostnordostleg retning som skulle ta isen ut til havs meir eller mindre.

Ein annan ting er at etter dei opplysningane vi hadde frå atlaset frå Hydrographic Office so skulle straumen her i området gå i nordostleg retning og dermed gi isdrift i endå meir nordleg retning. Basert på observasjonar frå ei rekkje observasjonspunkt nett her i vårt område, so skulle straumen gå i nordostleg retning med 0.4- 0,5 knops fart.
Berre eitt er sikkert: Weddelhavet er eit lunefullt hav som ein til kvar tid kan vente det verste av, mange har vorte lurte før der, og ikkje alle har kome so vel frå det som vi gjorde kor som er.

Sjøleopard, Antarktis 1964. Foto frå Sigmund Bøe.

I dagane som no kom gjekk vi langs kanten og leita etter sel og brukbar is. Det såg nokso vonlaust ut. For det maste var kanten so tettpakka at vi ikkje kom meir enn nokre få skutelengder inn. Andre stader var der rive ut oddar, men der var det berre stor, stygg, avvaska is, ofte slakk og utoverreven. Sel var det lite vi såg, vi plukka ein her og ein der ute i kanten, og vi kunne konstatere at der no ikkje var drektige hoer lenger, det var stort sett ungdyr og hannar vi fann no. Kastinga var nok over eller i gang no, men spørsmålet var kvar helst det gjekk for seg.
Det spørsmålet fekk vi aldri svar på. Den langvarige kraftige vestavinden hadde heilt øydelagt isforholda i det området vi heldt oss no. Vi hadde sett vår von til den svære baksen med fin fangstis der vi kryssa rundt fyrste månaden. Der var det og mengder av drektige hoer tilstades, og vi fekk høve til å fylgje utviklinga av ungane frå dag til dag, men då tida var nær då vi rekna med at kastinga skulle ta til, fekk vi ein vestavindstorm som sette heile isbaksen til havs so den gjekk i oppløysing. Deretter vart vi liggande fast i 11 dagar i det som truleg var kastetida, og vart hindra i å finne nytt felt. Vi måtte berre sjå det i augene at uveret vi fekk på oss nett i denne viktige perioden truleg hadde øydelagt turen for oss.
Vi sende helikopteret ut på rekognosering fleire runder, men fann same elendige forhold overalt der dei for over. 29. oktober fann vi to crabeaterungar på isen saman med mødrene. Den eine anslo vi til å vere 4-6 dagar gamal. Den hadde mjølk i magen, navlestrengen var vekk, den hadde ikkje fått tenner. Den låg saman med mora, men det var ikkje på kasteflaket. Det gjekk klart fram at den hadde vore i vatnet saman med mora. Den andre var truleg minst to veker gamal, den hadde og mjølk i magen, men den var svært stor og velutvikla. Etter det vi før hadde sett var ungane svært store og velutvikla før fødselen, og det kunne kanskje vere slik at dei fylgde mora i vatnet etter kort tid og at selen ikkje samla seg i store leger under kastinga slik som Grønlands-selen. Dette var og eit spørsmål vi ikkje fekk svar på.
Vi vog no på kva vi skulle gjere. Det var klart at vi måtte nokso langt i veg for å finne andre is- og fangstforhold. Kastesesongen var truleg over, det minka på bunkersen etter all hardkøyringa for å kome ut av klemma, og med ein rorskade som vi ikkje visste om kor gale det kunne vere, fann vi det rettast å avslutte turen.

31. oktober gjorde vi siste flyrekognosering utan å observere noko positivt. Deretter demonterte vi helikopteret og gjorde sjøklart over alt. I grålysninga 1. november gikk vi ut av isen og sette kurs for Montevideo. Avfarande S.6020 V 4015. Det synte seg no då vi kom i sjøen, at på grunn av rorskaden ville ikkje auto-piloten fungere, vi måtte derfor styre for hand resten av turen. Ellers fungerte alt fint bortsett frå radaren, som vi godt kunne trenge no, då det var dårleg sikt i byrjinga og mange isfjell i farvatnet.

Vi kom til Montevideo 7. november. Havforskar Ørritsland, flygar Bergerud og mekanikar Svensson gjekk iland her og tok fly heim. – 10. nov. gikk vi til sjøs att. Kom til Bergen 7. desember. Vi tok i land helikopteret med tilhøyrande utstyr, før vi heldt fram til Brandal for å losse skinna, i alt 1125 skinn og 71 tonn spekk. – Vi hadde nokre få eksemplar av alle selartar som fanst i Antarktis, weddelsel, rosssel, pelssel, sjøelefant, sjøleopard og crabeater. Av desse var sjøleoparden so absolutt den som hadde finaste skinnkvalitet, både dei vaksne og ungane. Crabeaterungane var nok ikkje so verst, men av dei vaksne dyra var der knapt eit einaste som ikkje var skamfert av spekkhoggar. Dei hadde 5-6 striper etter spekkhoggartenner nedover rygg og sider, enten som ferske sår eller som gamle arr. Leoparden derimot hadde ikkje slike sår, dette rovdyret klarte sikkert å ta opp kampen med spekkhoggaren, den hadde ein tanngard som kunne skreme livet av nokon kvar, og den kan gjere ei utruleg fart gjennom vatnet. Spekkhoggaren er utan tvil selen sin verste fiende.

Det hende av og til på Newfondlandsfeltet at der kom flokkar av dei inn i isen, og selen fekk då full panikk og rømde opp på isen so fort som mogeleg. Stundom stua dei seg ihop på flaka so dei heldt på å søkke ned, og dei rømde ikkje for folk om dei kom aldri so nær i slike høve. Spekkhoggarane som samla seg her var nok ikkje av det intelligente, godslege slaget som småpratar og humrar og leikar seg, slik som mange naturvernarar fortel om.

Dette var ei blodtørstig mordarbande som var ute for å drepe for moro skuld og som jaga i flokk på ein nokså utspekulert måte.

– Eit anna snodig døme såg vi av og til nede i Antarktis inne ved fastisen. Der kunne kome flokkar av pingvinar som lurte på å gå i sjøen, men dei stoppa på iskanten og stod der og diskuterte saka ei stund. Dei var visst redde der kunne vere spekkhoggar i farvatnet. Dermed kunne dei utan vidare ta for seg ein av flokken og skubbe han i sjøen. Gjekk det bra so gjekk resten av flokken etter. For pingvinen var nok ellers sjøleoparden like farleg som kvalen, vil eg tru.

15. desember kom vi til Bolsønes Verft for dokking. Då vi kom på slippen og fekk sjå roret, ville vi knapt tru det vi såg, vi hadde nok vore meir enn heldige som hadde fått det med heim. Sjølve rorbladet var forvridd og bulka so det var knapt til å tru, den svære rorstamma av 9 toms spesialstål var ikkje berre vridd, men den var forstrekt i kanten av foringa slik at den måtte brennast av for å få den ut. Sjølve styre-maskina (Frydenbø) var pressa sidevegs ca. ein cm og dei ca. 30 svære festeboltane (1 1/4 toms ?) var tilsvarande strekte utan å brekke. Det var vel nærmast eit under at ikkje noko var knust under den kolossale påkjenninga det fekk då det i eit par døgn vart slengt frå borde til borde av ispresset i dønningen. – Betre reklame for Frydenbø styremaskiner går det vel ikkje an å få.

(Artikkel skriven til boka «På minnegrunn», Ishavsmuseet 2003)

0 - Kommentarar

    Legg att eit svar

    Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *