”Hird” var ein liten fiskebåt frå Mauseidvåg på 49 fot. Den hadde ein 40 hk. Bolinder motor. Det var seks karar som hadde gått saman om å kjøpe denne båten, og formålet var overvintring på Aust-Grønland.

Dei seks karane var; August Hansen, Peder Sulebakk, Herman Andresen, Jørgen Furnes, Peder Røbekk og Jonas Karlsbakk. Berre ein av ekspedisjonsmedlemane hadde vore på overvintring før, men truleg hadde ingen av dei vore på Grønland.