16. juni – trekkspelkonsert om bord MS Aarvak

Trekkspelet vert kalla ishavets instrument, og det er ikkje utan grunn. Trekkspelet har i alle år vore med på ishavet til hyggeleg avkopling til trøtte menn på stille dagar. For ikkje å snakke om når skutene vart liggande faste i isen i kanskje veke etter veke. Laurdag 16. juni kan du få oppleve tonane frå trekkspelet i sitt rette element, på det historiske dekket til ishavsskuta Aarvak.

Denne laurdagen byr Ishavsmuseet deg inn til både konsert og til dans. Åmdal Trekkspelklubb, Åmdal Juniororkester, Ulstein Trekkspelklubb, Odd Arne Halaas, Joakim Nygård Jørve, Vegard Hansen, Lars Håvik og Møregutta skal alle spele på det som kjem til å verte ein storslått konsert. Etter konserten kan du få kjøpt middag, kaffi og kaker inne på Ishavsmuseet.

Og på kvelden spelar Åmdal Trekkspelklubb, Odd Arne Halaas, Vegard Hansen og Lars Håvik opp til dans, også her frå dekket til Aarvak. Konserten startar kl 16.00, og dansen er frå kl 21.00 og utover. Under konserten på dagtid vert det også lagt opp til «allsang frå dekk».

Åmdal Trekkspelklubb vart skipa i 1978 av ein gjeng ivrige trekkspelmusikantar. I dag består klubben av aktive musikarar frå 17-80 år. I 2011 var dei også arrangørar av distriktsmeisterskapet i trekkspel (Noregs trekkspelforbund), og i 2012 vann dei gull i gamaldans. Ulstein Trekkspelklubb vart skipa i 2009, og bestod då av medlemmar av kulturskulen i Ulsteinvik. Seinare opna klubben også for vaksne musikantar, og tel i dag 13 medlemmar i aldersgruppa 10-85 år. Ulstein TK har også vunne fleire prisar, m.a. gull i underholdningsmusikk, og ein av dei yngste i klubben, Joakim Nygård Jørve, tok også fyrsteplassen i klassa for solist t.o.m 11 år.

 

Odd Arne Halaas er ein aktiv mann og ein stor entertainer. Kjent som både musikar og skodespelar. I tillegg til å spele trekkspel og synge, har han også m.a spelt i ”Bør Børson” på Det Norske Teater i Oslo. Odd Arne, som er oppvaksen på Eide, starta å spele trekkspel då han var 13 år og fekk låne naboen sitt gamle Hohner trekkspel. Året etterpå fekk han sin debut som trekkspelar og skodespelar i rolla som førsteelskar i komedien «Skjærgårdsflørt». Han har også tatt fleire gull i distriktsmeisterskap, og eit NM sølv i gamaldans. Musikken hans er allsidig, og han spelar like gjerne i ei kyrkje, på festival eller som her, på dekket til ei ishavsskute. Så det er liten tvil om at nivået på musikarane denne dagen er skyhøgt, og at det kjem til å bli ei mektig oppleving. Aarvak-huset har også ein fantastisk akustikk, og med så mange dyktige musikantar kjem tonane frå trekkspela til å lyfte taket!

 

Ishavsmuseet feirar i år skuta Aarvak, som er 100 år. Dette jubileet vert markert med ulike arrangement gjennom heile året, der i blant denne trekkspelkonserten. Museet har hatt ein rekkje suksessfulle arrangement tidlegare i vår, med fulle hus og publikumsrekord. Vi håpar at mange tek turen til museet denne laurdagen, der du vil få ein historisk konsertopplevelse, og kjøpe deg middag eller kaker. Kanskje kjenner du det rykkar litt i dansefoten også? Kom og dans, på dekk! Sjåast!