Aarvak 100 år: Alex Rosen med ishavsshow – i sitt rette element!

Onsdag 29. august kl. 19.00 på Ishavsmuseet

Ishavsskuta Aarvak er i år 100 år, og det vert markert gjennom heile 2012 med ulike aktivitetar. Den store jubileumshelga vert frå 29. august til 2. september, og startar med besøk Alex Rosen.

Sommaren 2011 var Alex Rosen innom Ishavsmuseet i privat regi. Den store samlinga til museet imponerte Alex, men samtidig imponerte også Alex sjølv med sin store polare kunnskap. Det gikk ikkje lenge før han hoppa inn som \»guide\» sjølv på museet.

Det er kanskje ikkje så mange som veit at Alex Rosen har studert historie, men dei fleste kjenner han som ein oppdagelsesreisande, også med båt – og nettopp med den bakgrunn vert Ishavsmuseet og skuta Aarvak ei perfekt ramme for eit ishavsshow med Alex Rosen i farta.

Med besøket til Alex vonar Ishavsmuseet å skape engasjement for polarhistoria for eit endå breiare publikum.

Denne totalt ukontrolerte, litt galne mannen med stor humor treng nok ingen lengre introduksjon. Det er nok også stor sjanse for at Alex vil framføre nokre sjølvvalde slagerar i kjent stil, men først og fremst er det Alex med sin smittande latter som står framfor mikrofonen denne kvelden, med sine humoristiske innslag – og med ishavsvri no og då.

Førehandssal av billettar på www.sjoborg.no frå 28.mars.