Brandølingane set ishavsbygda Tjørvåg på kartet: “Ein gong ei ishavsbygd”

Fredag 24. februar kl. 19.00 byd vi inn til \”Tjørvåg-kveld\” på Ishavsmuseet. Denne kvelden er det ishavsbygda Tjørvåg som vil stå i fokus. Tjørvåg var heimehamn til 18 ishavsskuter, og det vert dette som er utgangspunktet for foredraget \”Ein gong ei ishavsbygd\” som Jarl Grimstad vil stå for.

Etter foredraget vert det servert middag med selkjøt-gryte. Dei som ynskjer  middagsservering må melde seg på til: webjorn@ishavsmuseet.no