Då Brudeegget kom til Brandal

Tradisjonen tru var det førjulsfest på museet siste fredagen i november. I år fikk museet besøk av sjølvaste Brudeegget. Rett nok ikkje siglande frå Ålesund, men spanande nok likevel. 

Det var forfattar Ole M. Ellefsen frå Ålesund som vitja oss med eit fantastisk og engasjerande foredrag om denne dramatiske seglasen. Salen var ikkje full denne gongen, men sjeldan har vi sett dei minste sitje så oppslukte i eit foredrag.

Ulstein mannskor deltok med fin song, musikklaget Melshorn med fine tonar frå blankpussa instrument, Liv Skarbakk las til oss frå Inga Skarbakk sine rikhaldige skriv og Joakim og Magnar spelte og song til oss. Webjørn Landmark leia programkvelden på ein fin og lett måte, og sydde programmet i saman krydra med muntre historier mellom kvart innslag. Nok ein gong ein fin kveld på Ishavsmuseet.