Familiesøndag på Ishavsmuseet med Christian Wiik Gjerde
Søndag 8.september byd Ishavsmuseet inn til familiesøndag. I Aarvakhuset vert det fleire aktivitetar for dei minste der dei mellom anna får prøve seg som modell-båtbyggjar, og delta i teiknekonkurranse m.m. Det vert også høve til å møte Christian Wiik Gjerde som tek del kl 15.00, i konferansesalen.
Christian er for mange kjend frå NRK radio og også vinnar av Kulturdepartementet sin nynorske journalistpris for sitt arbeid med born.
Christian gler seg til å vitje Brandal og Ishavsmuseet, og ser fram til å underhalde for små og store denne dagen.
Ishavsmuseet ynskjer å nå ut til alle aldersgrupper, og med å invitere til familiesøndag, håper dagleg leiar Webjørn Landmark at mange familiar vil legge turen til museet denne dagen. Her er mykje spennande og lærerikt å sjå også for borna, fortel Landmark.
Det vert vist film frå alle dei spanande ekspedisjonane til Ragnar Thorseth i konferansesalen kl. 13 og kl. 16
Det vert også høve til å kjøpe seg søndagsmiddag, kaker og sterk kaffi på ekte ishavsvis.
Arrangementet er ein del av Brandalsdagane 2013, og same dag inviterer Brandal Vel til skattejakt og fiskekonkurranse, så det ligg an til ein innhaldsrik dag i Brandal denne søndagen.