Foredrag og boknasild under polarkveld på Ishavsmuseet 22. april kl. 19.00

Med kamera, headset og hakapik i isen

Det er Stein Ørnhøi som kjem til Ishavsmuseet fredag 22. april kl. 19.00 med foredrag om sin tur med «Polarstar» til Newfoundland i 1968. Foredraget er ei historie om då NRK-TV vart med på selfangst ved Newfoundland. 

Stein Ørnhøi skulle vere kjent for dei fleste av oss. Han sat på Stortinget for SV i to periodar, frå 1977 til 1985, og har jobba for NRK-TV frå midt på 1960-talet. Den seinare tid har han vore politisk ekspertkommentator for både NRK og TV2.

Det var Brigitte Bardot som sendte oss i isen på selfangst, seier Stein Ørnhøi. Då den pelskledde filmdiva – Frankrikes svar på Marilyn Monroe – kasta seg på den internasjonale kampanjen mot selfangst, vart det litt vel mykje for svært mange. I alle fall her i Noreg. Og ettersom det unge norske fjernsynet såg det som ei viktig oppgåve å synliggjere norsk virke og kvardagsliv på ein saklig måte, var det også ei naturlig oppgåve å gi eit nøkternt bilde av kva som verkeleg forgjekk i isen. Den internasjonale kampanjen gav openbart eit lite dekkande bilde av ei næring som var viktig for Sunnmøre og store deler av Nord-Noreg. Det var derfor full støtte frå Fjernsynets leiing då forslaget om å reise på selfangst vart lansert.

NRK-teamet vart påmønstra som vanlege fangstfolk. Det var vist mest praktisk slik, minnest Ørnhøi, når og vist vi skulle møte Canadiske myndigheiter. Ørnhøi vart også imponert over mannskapet si utholdenheit, og rosar dei for kameratskapet dei viste til desse underlege NRK-folka som var overalt og filma i alle merkelege situasjonar. Men vi hjelpte også til med jolling av skinn, seier han.

Det vart laga tre program for fjernsynet etter denne turen, og det første vart vist på NRK i oktober 1968. Dessutan vart det laga eit internasjonalt program, eit konsentrert program som var eit utdrag av desse tre programma vi laga. 

Turen til fangstfelta ved Newfoundland var ei stor investering for det unge norske fjernsynet. Men eg trur alle meinte at det var ei god investering. Programma frå «Polarstar» gjekk rett inn i ein nasjonal og internasjonal debatt om jakt og fangst. Vi fekk vist at norske fangstfolk var dyktige og profesjonelle. Dessutan fekk vi gitt eit bilde av ei viktig norsk næring, seier Ørnhøi, som gler seg til å kome attende til Brandal fredag 22. april.

Etter foredraget vert det servert boknasildmiddag med mjølkesupe i kafeen på Ishavsmuseet. Påmelding til middag. Boknasild har alltid vore populært, og her kan det vere lurt å vere tidleg ute å tinge plass.