Førjuls-søndag med foredrag og nissemarsj!
Søndag 4. desember vert det open dag på Ishavsmuseet med foredrag, nissemarsj, julegåvesal og god middag.
Hallvard Holm gjestar oss med foredrag om Roald Amundsen. Ishavsmuseet markerer slik 100 års dagen for at Amundsen var første mann på Sydpolen. Hallvard Holm er ein fantastisk foredragsholdar med rike kunnskap om temaet. Foredraget tek til kl. 15.00
Kl. 13.00 vert det nissemarsj i samarbeid med Brandal IL. Museet er ope med sal av middag, kaffi og kaker frå kl. 13.00-17.00
Nytt høve til å gjere gode julegåve kjøp. Mange nye polarbøker i museumsbutikken.