Gudsteneste om bord i ishavsskuta Aarvak søndag 6. juli.

Ishavsmuseet og kyrkja i Hareid ynskjer velkomne til søndagsgudsteneste om bord i ishavsskuta Aarvak i Brandal.

Gudstjeneste på Ishavsskuta Aarvak
Gudsteneste frå dekk på Aarvak

Gudsteneste frå skutedekket vert i år arrangert for fjerde året på rad, og har såleis vorte ein flott tradisjon. Dei føregåande åra har det møtt mykje folk til denne Gudstenesta. Påmønstra i år er prest Margit Lovise Holte, og Ida Teige er organist.

Alt ligg såleis til rette for ei trivelig stund om bord i Aarvak.

Gudstenesta tek til kl. 11.00

Etterpå vert det servert middag med sosakjøt, kaffi og kaker.

I andre høgda på Ishavsmuseet vert framvising av den ny-produserte filmen om Ragnar Thorseth sine ekspedisjonar. Denne går kontinuerlig på storskjerm i foredragssalen. I fjerde etasje går filmen «Ishavshanda», og film frå ekspedisjon med «Polarbjørn» til Nordaust-Grønland i 1932. Det skulle vere ei fin anledning å bruke søndagen i Brandal med andre ord.

Velkomne.