Ishavshanda – filmpremiere + Konsert med Gabriel Fliflet og Jorunn Marie Kvernberg

I ei banebrytande vestnorsk filmsatsing har brørne Are og Sturla Pilskog i samarbeid med Ishavsmuseet Aarvak laga kortfilmen Ishavshanda, ein kunstfilm som utforskar korleis ver, vind og hardt arbeid formar hendene våre. I tillegg til å gå tett på hendene til fleire tidlegare fangstmenn, har dei to filma drivisen frå isbrytar og helikopter. Dette er ei poetisk og vakker reise inn i eit ”handskap” som har vore spesielt for Sunnmøre og resultatet kan du altso sjå den 25 april kl. 20.00 på Ishavsmuseet.

Etter filmen vert det servert middag, selkjøtgryte og kvelden vert avslutta med konsert med Gabriel Fliflet og Jorunn Marie Kvernberg. Det er begrensa med plass på middag og konsert, så påmelding til Ishavsmuseet i god tid kan vere lurt. Billett filmpremiære kr. 50,- Film, middag og konsert kr. 300,- Påmelding tlf 700 92 004 – webjorn@ishavsmuseet.no

Om filmen
Ver og vind, hav og is formar landskapet. Eit levd liv formar hendene. Har du nokon gong teke ein mann eller ei kvinne i handa og tenkt at dette var ei ordentleg arbeidshand? I den Sunnmørske kystkulturen er ”ishavshanda” ei slik hand som har erfart ikkje berre tungt arbeid, men også harde vêrforhold, og naturopplevingar som dei heime vanskeleg kunne førestille seg. Kan hendene fortelje noko om arbeidet og landskapet dei vart forma av?

– Vi har hatt lyst til å undersøke nærmare den verkelege arbeidshanda, fortel Are. Pilskog brørne kjem frå Hjørungavåg og driv i dag Blåst Film.
Dei er mest kjende for suksessen Havets Sølv som har vunne mange prisar i inn- og utland. Ishavshanda er den første filmen dei har regissert saman. Kortfilmen varer i 11 minutt.

Medverkande er Idar Kaldhol, Tore Nedrelid, Arve Røyset, Arnljot Rolandsen, Jetmund Voldnes, Rolf Nakken, Reidar Pilskog, Ivar Vartdal, Odd Eiken og Roger Korsnes.

– Vi filma desse karane i løpet av tre dagar på dekket til Aarvak i september i fjor. Det var verkeleg ein positiv gjeng og vi er svært imponert over tolmodet dei hadde til oss som insisterte på å filme hendene deira frå alle moglege vinklar, fortel Pilskog brørne. Musikken er spesialkomponert av Gabriel Fliflet som tek vegen frå Bergen for å halde konsert etter premierevisninga.

Banebrytande vestnorsk filmprosjekt
Filmen Ishavshanda er ein del av det unike KJØL-prosjektet, som har fokus på kystkultur og er eit samarbeid mellom Vestnorsk filmsenter og museum, bibliotek og kultursentre i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Målet med KJØL har vore å skape nye visningsarenaer for den profesjonelle filmbransjen, og å auke kvaliteten på og kunnskapen om film i museumsbransjen.

– Temaet har vore kystkultur og vi er overvelda over nivået. Målet er at dette prosjektet skal danne grunnlag for vidare samarbeid mellom filmbransjen og andre kulturinstitusjonar på Vestlandet. Det seier Stine Tveten, dagleg leiar i Vestnorsk filmsenter.
Ishavshanda er ein av seks prosjekter som har blitt vald ut på Vestlandet.

Om konserten
Folk på ytre søre får denne kvelden moglegheita til å vere med på ei heilt spesiell musikkoppleving når ein av Noreg sine fremste folkemusikar kjem på vitjing til Brandal.

Gabriel Fliflet vart kåra til ”årets folkemusikar” i 2011 og har samarbeidd med mellom andre Jan Eggum, Odd Nordstoga og Kari Bremnes. Fliflet er og kjend frå den uforutsigbare og fargerike duoen Fliflet/Hamre som har hatt eige TV-program på NRK. Gabriel Fliflet står for all musikken i filmen Ishavshanda (piano og trekkspel) og tek med seg trekkspelet til premierekvelden.
Med seg denne kvelden har han Jorun Marie Kvernberg. Ei framifrå felespelar, mellom anna kjend frå Majorstuen og Unni Boksasp Ensembles. Med sistnemnte vann ho spelemannsprisen i 2010.
Jorunn kjem frå Romsdal, men bur i dag i Volda. Desse to har i det siste turnert saman med konserten ”VALSERIA” som er Fliflets bestillingsverk til Vossajazz 2013. Her er vals av ulike dufter og temperament hovudtema, og konsertane har fått strålande omtale:

”For et driv, for et spenn og for en velspillende gjeng! – et fyrverkeri av en konsert” Ole Foss, Romsdals Budstikke

”Det var heftig, og me let oss begeistre! Eg veit i farten ingen annan utøvar innanfor denne sjangeren som har slik melodisk og rytmisk kraft i seg som Gabriel Fliflet. Han er som eit musikalsk skred.” Sigmund Krøvel-Velle, Hallingdølen

På konserten på Ishavsmuseet Aarvak vil dei spele musikk frå filmen Ishavshanda, eigne ting, samt utdrag frå nemnde ”Valseria”. Med filmpremiere og konsert vil dette bli ein hyggeleg og minnerik kveld.