ISHAVSKJERRINGANE PÅ LERRET!  

Onsdag 14 mars er det premiere på dokumentarfilmen Ishavskjerringa på Ishavsmuseet Aarvak.

For første gong på film fortel kvinnene som venta heime mens mennene deira var på fangst i ishavet si historie.

Dokumentarfilmen blir vist på Ishavsmuseet Aarvak i Brandal onsdag 14. mars klokka 19:00. Regissørane og to av dei medverkande vil vere til stede, og etter framsyninga vil det vere mulig å kjøpe filmen på DVD.

Filmen varer 27 min.

Ishavskjerringa handlar om Marit Lillenes Voldnes (83) frå Tjørvåg, Svanhild Warholm (91) frå Moltustranda og Kjellaug Ødegaard (82) frå Hjørungavåg. Dei var alle gift med selfangarar på Sunnmøre.

Påska 1952 skjedde ei av dei største katastrofane i norsk sjøfartshistorie, då fem ishavsskuter med 78 mann forsvann sporlaust under ei orkan i Vestisen. Kvinnene hadde ingen kontakt med mennene frå skutene la ifrå kai til dei kom tilbake fleire månader seinare. Om dei då kom tilbake.

Gjennom intervjuar og unik arkivfilm og bilete dreg filmen oss tilbake til ei hard norsk røyndom som få kan sjå føre seg i dag.

I april i år er det 60 år sida forlisa. Kvinnene i filmen er blant svært få gjenlevande som hadde ektemennene sin på ishavet det året, noko som gjer dei til unike tidsvitnar.

Regissørane

Ishavskjerringa er laga av Hilde Ranheim og Marit Stensby, som er utdanna ved dokumentarfilmstudiet på Høgskulen i Volda. Dette er dei avsluttande eksamensfilm.