Ishavsmuseet og Ishavsmuseets Venner inviterer til grillkveld og konsert.

\"RedFredag 26. august tenner vi grillane og byr inn til grillkveld og konsert. Grillane er varme frå kl. 18.00, og på menyen finn vi ulike gode grill- rettar.

Kl.20.00 spelar Voldabandet Red Roosters Bluseband opp til konsert i Aarvakhuset. Bandet byr på fengande og svingande blues. Låtutvalet spenner frå kjende artistar som Delbert Mclinton, The Blues Brothers, Allman Brothers, BB King, The Fabulous Thunderbirds m.fl. Vi får høyre noko frå ein kvar smak denne kvelden, og også mest truleg kombinert med mange tørrvittige komentarar frå scena. Bandet består av Vebjørn Vestre (trommer/kor), Per Arne Brandal (gitar), Svein Hunnes (bass/vokal) og Stein Hjelle (gitar/vokal).

Set av fredagskvelden for god mat og god musikk på Ishavsmuseet.

Inngang konsert kr. 150,- Medlemmar av Ishavsmuseets Venner kr. 100,-