Julegåvetips:Ishavsfolk si erfaring

I denne boka er det kunnskap om farane i isen som blir formidla, og det er fangstfolka sjølve som fortel. Framstillinga er basert på eit omfattande og grundig arbeid med å dokumentere historia til dei som hadde ishavet som arbeidsplass frå om lag 1900 og heilt fram til i dag. Forfattaren tek utgangspunkt i eigne kunnskapar om emnet, men like sentralt står dei mange personlege vitnesbyrda frå ei mengd tidlegare selfangarar. Frå ulike tidsepokar og havområde gjev dei oss innblikk i kva dramatikk og farar fangstinga kunne innebere. Her er historier frå Newfoundland, Danskestretet, Vesterisen, Austisen, Kvitsjøen, Nordisen og Svalbardområdet.

«Ishavsfolk si erfaring» er eit viktig bidrag til Noregs polarhistorie. Boka gjev eit godt innblikk i livet til ishavsfolket som kjempa mot den farefulle isen, men også om livet om bord, dei gode turane, og også dei muntre historiene. På Ishavsmuseet vert innhaldet i denne boka aktivt brukt i formidlinga av vår stolte ishavshistorie til oppveksande generasjonar.

Johannes Alme seier at «Ishavsfolk si erfaring» vart eit resultat av forskings-prosjektet PetroArctic ved professor Sveinung Løset ved NTNU og professor Ove Tobias Gudmestad ved UNS. Kunnskapen som vert formidla i «Ishavsfolk si erfaring» er tidlaus og gir lesaren ei god innføring i utfordringane ishavsfolket møtte på fangstfelta.

Bestilling:

www.ishavsmuseet.no/nettbutikk eller spør etter den i bokhandelen