Julemesse på Ishavsmuseet 17. og 18. november

Årets julemesse på Ishavsmuseet byr på 30 unike utstillarar. Dette vert ei kunst og handverksmesse der ein legg vekt på det særeigne ved handarbeidet. Museet har fantastiske lokale for ei slik messe.

Det er tredje året at messa er lagt til Ishavsmuseet. Lokala går over tre spanande etasjar, der du vil finne utstillarar blant moskus, isbjørn, selar og ramsalt ishavshistorie.

Det er lagt fokus på spanande utstillarar også frå andre kommunar og regionar, og i det høve kan det vere ekstra spanande å vitje messa i år. Gode tilbod på lokale handverksprodukt som strikk, smykke, kaker, quilting, lefser, bilde, trearbeid, bøker og mange andre artiklar.

Du har også høve til å sjå deg rundt på museet som stiller med gratis inngang desse dagane. Museet har nett opna ei ny og fantastisk utstilling om Ragnar Thorseth, og då er det fint og legge inn god tid til å sjå kva denne utstillinga, og Ishavsmuseet elles har av interessante historier og gjenstandar.

Museet byd på middag, kaker og sterk kaffi på ekte ishavsvis, når du har behov for ei tenkjepause i handelen.

Besøk Brandal desse dagane å sjå kva denne vakre bygda har å by på. Vi kan love at her er noko for ein kvar smak.

Lefsene er baka og lagt i frysaren, kjolar er sydde og alpakkaen har ikkje lenger ull på kroppen. Ulla har blitt til gode lune kragar eller andre plagg vi kan kle oss i.  Årets polarbøker, både lokale og nasjonale, er innkjøpte til museumsbutikken, som elles byd på mange gode julegåver. På messa i år skulle du kunne finne noko for ein kvar smak anten du jaktar julegåver eller vil fornye deg sjølv.