Julemesse på Ishavsmuseet 2026

Julemessa på Ishavsmuseet 

14. og 15. november blir det julestemning, handverk og fare for alvorleg shoppinglyst på Ishavsmuseet i Brandal!

Det er berre å innsjå det først som sist: Du kjem ikkje til å klare å gå inn på Julemessa på Ishavsmuseet utan å finne noko du berre må ha.

For her kjem heile 57 utstillarar frå Mandal i sør til Berkåk i nord, med hendene fulle av handlaga freistingar. Dette er ikkje masseprodusert ræl frå Kina, eller ein eller annan fabrikk langt borte. Her snakkar vi om ekte handverk, kreativitet, gode råvarer og folk som faktisk kan det dei held på med.

Du finn strikka lestar, huer og vottar, broderte produkt, tova og hekla ting, dreia treprodukt og kreative saker laga av drivved. Du kan finne golvteppe, nissar på rot, maleri, juledekorasjon og gips. Keramikk og tretønner. Knivmakar og gullsmed. Sølvsmykker og badebomber. Og når du endeleg har bestemt deg for at du ikkje skal kjøpe meir, dukkar det sjølvsagt opp lefser, bollar, blodpølser og andre pølser. Kvalkjøt, sild, kveite og laks. Urter og julepålegg. Eple og pære, honning og smultringar. Og ostar frå heile verda!

Ja, du las rett. Ostar frå heile verda finn vegen til Brandal. Det er ikkje kvar dag ein får oppleve internasjonal ostehandel mellom utstoppa isbjørn og moskus på Brandal!

Alt dette skjer i dei heilt fantastiske og litt småmagiske omgjevnadene på Ishavsmuseet. Her vandrar du mellom historie, polarstemning, isbjørn og moskus – medan du prøver å late som du berre «skal sjå litt».

Det kjem du ikkje til å klare.

For dette er staden der du finn den julegåva du ikkje visste at du trong før du såg ho. Kanskje noko til mor. Kanskje noko til far. Kanskje noko til den som «har alt». Kanskje noko til naboen, svigermor, kollegaen eller den som fortener ei lita oppmuntring.

Eller kanskje noko til deg sjølv. For det er lov.
Det står faktisk ingen julekalendarpoliti utanfor og kontrollerer kven som handlar til seg sjølv.

Så kom og ta ein tur innom! Nyt stemninga, møt dei dyktige utstillarane, slå av ein prat, finn dei gode julegåvene – og lat som du hadde full kontroll på julehandelen heilt frå starten. Og det beste av alt?

Du slepp å leite deg gjennom eit kjøpesenter fullt av blinkande plastnissar og julemusikk på repeat.

14. og 15. november står 57 utstillarar klare på Ishavsmuseet i Brandal.

Og som om ikkje det var nok …
Ishavsmuseet byr på middag, smårettar, kreative kaker og sterk kaffi begge dagar!

Julemessa på Ishavsmuseet – kom for stemninga. Bli for handverket. Reis heim med noko du absolutt ikkje hadde planlagt å kjøpe.

Parkering finn du ved Ishavsmuseet, ved Grendahuset og Pakkhuset.

Velkomen til ei ekte julemesse! Lommeboka får heller ta juleferien etterpå.

Sjå oversikt over alle salsstandane her: