Konsert med bacalao

Fredag 11. juni inviterer Brandalskoret og Ishavsmuseet inn til minikonsert frå dekk på ishavsskuta «Aarvak» kl. 19.00. Ei gruppe frå Brandalskoret har hatt øvingar siste året, med trygg korona-avstand, og har øvd inn eit eige reportar med nytt og gammalt stoff.  Dette vil dei framføre frå dekket på «Aarvak» denne fredagen.

Ishavsmuseet byr på bacalao-buffé med kvit og raud bacalao, brød og salat frå kl. 17.00-21.00. Det vil vere førehandsbestilling av plass til Ishavsmuseet. Og det er avgrensa med plassar så det kan vere lurt å bestille plass i god tid.

Bacalao-buffé inkl. konsert kr. 225,-

Påmelding tlf. 700 92 004 – 95 11 76 44 – post@ishavsmuseet.no