Polarkveld 9. oktober

Fredag 9. oktober kl. 18.00 er det ny Polarkveld på Ishavsmuseet. Denne gong er det Johannes Bjarne Alme som er foredragshaldar og temaet er katastrofen i Vesterisen 1952 der 5 skuter med 78 mann omkom.

Sentralt i foredraget er funnet av vrakrestar gjort av den Islandske trålaren «Videy», og det omfattande arbeidet for å identifisere vrakrestane til å vere ishavsskuta «Brattind» av Tromsø, ei av dei som kom vekk i 1952. Gode samarbeidspartnarar av Ishavsmuseet har no fått bygd ein modell av «Brattind» som vert avduka etter foredraget.
Det vert elles songinnslag og helsingar.

Etter foredraget vert det servert 2 retters middag med kveite med godt tilbehør, og lun eplekake med is. Billett for foredrag og mat her foredrag med mat

Billett kun foredrag:Polarkveld kun foredrag