Polarkveld fredag 12. september kl. 19.00Gunnar Myklebust «Ishavet, pelsdyrfangst og vågemot»

Gunnar Myklebust er første mann ut i ny runde polarkveldar ved Ishavsmuset denne hausten. Denne polarkvelden er også boklansering frå Samlaget med den rykande ferske boka til Myklebust, Ishavet. Pelsdyrfangst og vågemot.

Gunnar Myklebust er journalist og forfattar. Han har vore utanriksmedarbeidar i NRK, og var i perioden 1993–1997 NRKs korrespondent i USA.

Han har tidlegare skrive boka Tungtvannssabotøren om Joachim Rønneberg.

Ishavet har hatt ei uimotståeleg dragning på nordmenn i fleire hundreår. Ei kald og mektig øydemark som med overveldande prakt og nådelaus natur har lokka generasjonar av eventyrarar og fangstfolk. Villige til å utfordre det ukjente for eit utkome. Eller berre for å oppleve det. I spinkle farkostar eller primitive vinterhytter sette norske fangstmenn livet på spel for draumen om det store varpet. Ishavssoga er full av dramatiske historier om dei som ville og våga, om nyfiken utferdstrong og ufatteleg vågemot. Om dei som lykkast og kom heim, nokre som berre kom heim – og mange som vart igjen der ute.

I boka losar Gunnar Myklebust oss gjennom fleire hundre år med norsk fangsthistorie, frå veidemennene i mellomalderen til den internasjonale kampanjen som knekte norsk selfangst.

Under foredraget sitt i Brandal komande fredag vil han fortelje frå boka og vise ein del av dei mange flotte bilda frå boka. Brandal og Sunnmøre er godt representerte i boka som bør ha stor interesse i vårt område, og finne vegen inn i mange bokhyller denne hausten.

Redaktør i Samlaget, Bente Riise, deltek også under lanseringa.

Det vert rikeleg høve til å kjøpe boka etter foredraget, som byrjar kl. 19.00, på Ishavsmuseet fredag. Og i kjent stil byr museet på god middag etter foredraget. Denne kvelden er det baccalao-buffet med kvit og raud bacalao og heimebaka focaccia brød på menyen. Påmelding til Ishavsmuseet for middagsbestilling.