Polarkveld fredag 2. november kl. 19.00

Fangst av levande isbjørn.

 

Komande fredag rundar Ishavsmuseet  av ein lang sesong med polarkveldar. Denne gongen er det Burny Iversen som kjem på vitjing med foredraget: «Fangst og sal av levande isbjørn». Iversen har studert denne historia lenge og skaffa seg godt oversyn over historia om fangst på levande isbjørn frå slutten av 1800- talet og heilt fram til isbjørnen vart freda i 1973. Til Ishavsmuseet kjem Iversen med glimt frå handelen med levande isbjørn, og deira skjebne i sirkus og zoologiske hagar. Kven selde? Kven kjøpte? Kven trena dei? Og kva blei dei trena til?

Burny Iversen kjem frå Elverum, er fotograf, og har jobba som fotograf på Glomdalsmuseet, og har stor interesse for dei polare områda. Medan nokre pensjonistar dreg til Spania og nyt varmen, vender Burney Iversen nasen til Svalbard på jakt etter det gode fotomotivet. Isbjørn er eit naturlig motiv for ein fotograf på Svalbard, og han har fått fleire blinkskot av desse dyra under sine mange besøk dit.

Han har samla eit imponerande materiale av gamle postkort, fotografi og sirkus-program, som dokumenterer den verkelegheita isbjørnen møtte på vegen frå kvit villmark til livet i sirkus-manesjen, på turnear og i zoo.

Temaet burde vere av interesse for mange på Sunnmøre, og enno er her mange som har vore med på å fange levande isbjørn. Det går mange ville historier i miljøet på våre kantar om isbjørn som var tekne med heim levande og stod i bur på sjøbuene i påvente av sal. Nokre av dei klarde å slå sunde bura og rømme anten ved å hoppe på sjøen, eller ein kunne møte dei traskande rundt på sjøbuplattingen og jamvel på kaia når ferja la til. Ikkje rart då at folket som kom med bussen frå Larsnes kvidde seg for å ta ferja frå Brandal…

Alt i 1900 kom dei første levande isbjørnane til Brandal. Dei vesle skøytene «Minna» og «Havfruen», begge på rundt 56 fot, hadde det året med heim 10 levande isbjørnar. (og 70 døde). Før dei kom heim til Brandal hadde dei utstilling i Ålesund med levande isbjørn og moskus, og då Ålesund by skulle feire jubileum i 1948 hadde ei av skutene her i oppdrag å ha med heim ein levande isbjørn som skulle stillast ut under byjubileet.  Å ta med levande isbjørn heim var heilt vanleg når mannskapa hadde sjansen til det, og det kunne vere ei kjærkomen ekstra inntekt om selfangsten var laber. I 1902 kunne dei få heilt opp i 500 kroner for ein levande isbjørn, samstundes fekk dei betalt 36 øre for eit selskinn, og om lag det same for spekket.

Etter foredraget til Iversen vert det som vanleg servering av middag i kafeen, og denne kvelden står det sel, sild og supe på menyen, i form av kjøtkaker av selkjøt, sildekake og mjølkesuppe. Påmelding for mat.