Polarkveld om Søraust-Grønland

Fredag 16. september kl. 19.00

Ishavsmuseet byd igjen inn til ei ny runde med polarkveldar komande fredag. Denne gongen skal vi til søraust-Grønland, og det er John Giæver som tek oss med på tur.

John Giæver jr. er son av den legendariske fangstmann og forfattar John Giæver sr, som overvintra mange år på Grønland.

Første gang Giæver jr. var på Grønland var han 15 år og mannskap på «Polarbjørn». Då den forliste i Grønlandsisen i 1957 var John Giæver jr. mønstra som mannskap. Dette var hans tredje tur som mannskap på sommartur med «Polarbjørn», sjølv om han var berre 17 år denne turen.

I dei seinare år har John hatt fleire reiser i farens fotspor på Grønland og i Antarktis.

John Giæver har trekt fulle hus på Ishavsmuseet ved tidlegare besøk med foredrag. Denne gongen er det altså Søraust-Grønland det handlar om.

Han var sommaren 2013 med den tidligare redningskryssaren M/S «Hagbart Waage» på ein fem vekers tur til Søraust-Grønland.

På byrjinga av 30-talet tilspissa situasjonen på Grønland seg og nordmenn, mellom anna frå Brandal, okkuperte delar av Aust-Grønland. Peter S. Brandal utrusta eigen ekspedisjon i 1932. Meininga var å okkupere land der før Danmark gjorde det og stengde nordmenn ute for fangst. Dette førte til at Danmark klaga okkupasjonen inn for folkerettsdomstolen i Haag, som dømde mot Noreg 5. april i 1933.

I løpet av okkupasjonen vart det oppretta ei rekke norske radio- og meteorologiske stasjonar, mellom anna Brandalsbu, Finnsbu og Torgilsbu.

John Giæver som er ein glitrande foredragshaldar, vil vise film og fortelje om den historiske turen med «Hagbart Waage»,  i same leia, for å sjå etter spor frå dei gamle fangststasjonane i området Skjoldungen – Prins Christiansund. Denne historiske turen til området,  i 2013, gjekk altså 80 år etter dommen i Haag.

Etter foredraget til Giæver vert det servert Biff a’la Lindstrøm i kafeen på museet. Påmelding for dei som vil ha middag og mimre utover kvelden.