Polarkveld på Ishavsmuseet 10. november

Shetland, eit samfunn vi har mykje til felles med.

Fredag 10.november kl. 19.00 vert det polarkveld med foredrag om Shetland i Ishavsmuseet på Brandal, der får ein høyre om Shetland i dag, og historia til dette øysamfunnet som ein gong var ein del av Noreg.

Denne kvelden får Ishavsmuseet vitjing av Karin Flatøy Svarstad frå Sommarakademiet, som i Vesterled teamet har med seg Kristin Prestvold. Kristin er arkeolog og jobbar til dagleg i Trøndelag fylkeskommune med kulturminne som sitt fagområde. Kristin er forfattar av boka «Oppdag Vesterled» som nyst er kome ut i nytt opplag. Boka handlar om historiske forminne der fleire er tilknytt Noreg på Shetland, Orknøyene og delar av fastlands Skottland.

Sommerakademiet er ein organisasjon som har som formål å drive distriktsutvikling basert på aktivitetar og prosjekt innan: kunst, kultur, handverk, historie og natur, då i form av kurs, seminar, utstillingar, fagkonferansar og tematurar i Vesterled. Området for tematurar er samfunna rundt Nord Atlanteren og Vestlandet. Denne hausten er tema Island og Shetland. Turen er no kome til Shetland. Presentasjon av eit øysamfunn i Vesterled vi har mykje til felles med.
Sommerakademiet feirar i år 25 år og har i det høve etablert seg på Sunnmøre. Flytting frå Kalvåg i Sogn og Fjordane er no gjennomført. Ny base er på øya Voksa i Sande kommune i Voksa Kultursenter.
Karin Flatøy Svarstad er leiar av Sommerakademiet. Ho har reist i Vesterled i meir enn 20 år. Ho har hatt mykje undervisning i Nord Atlanteren, og er involvert i fleire internasjonale prosjekt i Vesterled. Ho har dermed god kjennskap til samfunna som ein gong høyrte til Noreg og som er ein del av vår nære historie.

Karin er oppvaksen på Voksa og har interesse av at folk skal få vite om Sommerakademiet og aktivitetane der. Det er viktig at det forgår aktivitetar som gjer at folk får innsikt og informasjon om Vesterled. Det vert arrangert turar til Shetland, Orknøyene, Ytre Hebridene, Isle of Man, Island og Færøyene, dette for å oppretthalde kontakten med den historiske arven vår og folket som bur i småsamfunna i Vesterled.

Kristin har vore med Sommerakademiet som historisk guide i Vesterled i fleire år. Ho er oppteken av formidling av historia og held no på med ei ny bok om Vesterled.
Denne kvelden på Ishavsmuseet vil dei to damene bidra til ein hyggeleg kveld, der dei tek publikum med på reise til Shetland der ein får høyre om folket, historia, kva folk lever av, kva dei arbeider med, og korleis det ser ut på disse øyane ikkje langt frå oss.
Etter foredraget vil Kristin Prestvold signere og selje boka «Oppdag Vesterled», og Karin Flatøy Svarstad viser fram ei mini utstilling som viser tekstil handverk frå Shetland.
I kjend stil vert det servert middag etter foredraget, og denne gong står det hjortegryte på menyen. Billett foredrag kr. 125,- Foredrag og middag kr. 300,- Påmelding til museet for middag, tlf 95117644 eller kjøp billett her: https://www.ishavsmuseet.no/produkter/arrangement/