Polarstar 75 år

Laurdag 26. august kl. 21.00
Dans i teltet med Cozy. Her får du alt frå rolege balladar til heftig rock’n roll. Repertoaret spenner seg frå Justin Timberlake, via Beatles til AC/DC – Alt etter kva publikum ønsker.

Dette er eit av dei lokale banda som har lengst fartstid. Kanskje er dette nettopp fordi dei er så flinke til å oppdatere seg. Opphavsmann Øystein Liavåg er sjølve stamma i bandet og han har valt bandmedlemmer frå øvste hylle. Med Cozy får du oppleve eit komplett band med kvalifiserte musikarar som stortrivst med å framføre musikk og få folk i godt humør. Besetning: Venche Leite – Vokalist, Finn Arne Lillevold – Vokalist, gitarist, Kurt Andre Tyrnes – Trommer, Glenn Huldal – Bass, kor, Øystein Liavåg – Gitar, kor.
Servering av Bacalao-buffé med kvit og raud bacalao og heimebaka focacciabrød frå kl. 18.00 – 21.00. Billettar førehandssal på www.ishavsmuseet.no, og i døra.
Billett Cozy kr. 250,- Dans Cozy    Cozy og bacalao kr. 450,- Cozy og bacalao