Polarstar på Hjørundfjorden
Bli med veteranskuta Polarstar på tur i fagre Hjørundfjorden søndag 18. september 2022
Turen startar frå Ishavsmuseet på Brandal søndag 18. september kl. 11.00. Vi seglar inn fagre Hjørundfjorden og går heilt inn til Bjørke. Her slakkar vi litt på og serverar lunsj, Polarstar-buffet, med fiskesuppe, spekemat, sjømat m.m. Vi svingar opp under Sæbø før turen går attende til Brandal med ankomst ca kl. 17.30.
Oppmøte og registrering ombord frå kl. 10.30, for avgang kl. 11.00. Pris kr. 1.200,- som inkluderar 6,5 timar på fjorden, Polarstar-buffet, kaffi og vaflar.
Det kan vere lurt å ha med varme klede, sjølv i fint vêr. For spørsmål/påmelding tlf/sms 95 11 76 44. Eller kjøp din billett her: https://www.polarstar.no/produkt/polarstar-pa-hjorundfjorden/