Selkjøt og Polarstar-film

«SELvsagt er det sel!»

Søndag 25. september er det selkjøtdagen, og Ishavsmuseet byr på sel til middag frå kl. 13-17. Stuertane ved museet lovar sel i mange variantar, blant anna så står Ishavsmuseet si alltid så populære selkjøtgryte  på menyen. Det gjere også «Tornedå» av selbiff med fløtegratinerte poteter og peparsaus a’la blueback. Har du høyrt om kobbalau? Det hadde ikkje vi heller, men søndag kan du også få smake dette. Fleire delikatesser å prøve seg på her med andre ord. Og sjølvsagt med ein slik meny er det sviskegraut til dessert med sterk kaffi til, slik det var på ishavet.

«Nauta godt!» seier styrar ved Ishavsmuseet Webjørn Landmark om denne menyen. Selkjøt er ei fantastisk råvare og eit fantastisk godt og mørt kjøt. Det er svært reint og næringsrikt. Mange kan vere skeptiske til å smake, men når ein først har smakt selkjøt vil alle ha meir, fordi det er så utruleg godt. Selkjøt kan likne litt på kval, men er endå betre og mørare. Kjøtet er av årets fangst i Vesterisen, og var av ypparste klasse.

Det er tredje året Ishavsmuseet arrangerer ein slik «selkjøtdag» og i fjor var arrangementet så populært at grytene vart tome. Dette vert det retta på i år, og enda meir sel skal i grytene. Landmark opplyser at sesongen ved museet ikkje er heilt over, museet har nemleg ope kvar dag ut oktober.

«Polarstar»- filmen med Stein Ørnhøi

Søndag vert det vist film frå selfangst i undervisningssalen ved museet. Det er NRK sin film frå selfangst ved Newfoundland Ishavsmuseet har fått lov å vise denne dagen. Stein Ørnhøi, som då var nyutdanna NRK-journalist, mønstra på «Polarstar» for å vere med å dokumentere Norsk selfangst ved Newfoundlandsfeltet i 1968. Selfangstmotstandarane hadde nett kome på bana med Brigitte Bardot og andre kjendisar i spissen. Stein Ørnhøi ville ut å dokumentere og sjå alle sider av saka. Ørnhøi har tidlegare gjesta museet med foredrag om denne turen. Filmen som syner klargjering, overfart, fangst og levering var vist i tre episodar på NRK i 1968. Denne søndagen viser museet alle tre episodane på til saman 90 minutt. Filmen vert vist kl. 13 og kl. 15.

I år var det berre ei skute på fangst i Vesterisen, «Havsel» frå Alta. Vanskelege forhold gjorde at det vart liten fangst. Tilgangen på kjøt er derfor svært avgrensa, så det er ein eksklusiv meny i Brandal denne dagen!