«SELvsagt er det sel!»

Søndag 27. september byr Ishavsmuseet på sel til middag frå kl. 13-17. Stuertane ved museet lovar sel i mange variantar, blant anna så står Ishavsmuseet si alltid så populære selkjøtgryte på menyen. Det gjere også selburger, og «Tornedå» av selbiff med fløtegratinerte poteter og peparsaus a’la blueback. Fleire delikatesser å prøve seg på her med andre ord.

«Nauta godt!» seier styrar ved Ishavsmuseet Webjørn Landmark om denne menyen. Selkjøt er ei fantastisk råvare og eit fantastisk godt og mørt kjøt. Selkjøt kan likne litt på kval, men er endå betre og mørare. Kjøtet er av årets fangst i Vesterisen, var av ypparste klasse av smådyr, og godt stelt av mannskapet på «Havsel», med skipper Bjørne Kvernmo og styrmann Espen Brandal i spissen. Dei leverte fangsten i Tjørvåg tidligare i år.

Det er andre året Ishavsmuseet arrangerer ein slik «selkjøtdag» og i fjor var arrangementet så populært at grytene vart tome. Dette vert det retta på i år, og enda meir sel skal i grytene. Landmark opplyser at sesongen ved museet ikkje er heilt over, museet har nemleg ope kvar dag til den 18. oktober. Søndag vert det vist film frå selfangst i undervisningssalen ved museet.

I år var det berre ei skute på fangst i Vesterisen, «Havsel» frå Alta. Vanskelege forhold gjorde at det vart liten fangst. Tilgangen på kjøt er derfor svært avgrensa, så det er ein eksklusiv meny i Brandal denne dagen!