Sesongopning

Søndag 17. april kl. 12.00 opnar Ishavsmuseet dørene for ny sesong. Denne dagen syner vi film frå ein ekspedisjon med «Polarbjørn» (II) til Jan Mayen og Aust-Grønland kl. 13 og kl. 15. I kafeen vert det servert søndagsmiddag med kjøtkaker & riskrem, kaffi og kaker. Ope til kl. 17.